AddToAny

Framtida sine hender i Anja

? - Då eg blei leiar av Framtiden i våre hender,
var noko av mitt ynskje å breie ut miljørørsla - vise at miljøengasjement ikkje må handle om at du må gjere alt på ein spesiell måte, at du har lov til å vere oppteken av miljø utan å vere superradikal eller superaktivist.

«Du er berre eit musepiss i havet!»
Desse orda blir skrivne på eit ukjent tastatur. Så blir dei printa ut på eit A4-ark, bretta og lagt i ein konvolutt, frankert og sendt. Til slutt endar dei opp på Økern, i posthylla til leiaren i Framtiden i våre hender: Anja Bakken Riise.
Du har kanskje sett ho på Dagsnytt 18 eller i Debatten? Engasjert og poengtert. Blid, men tydeleg. I diskusjonar om landbrukspolitikk, tekstilarbeidarar sine arbeidshøve, statsbudsjett, klima, oljefond; Alle desse store tinga ein knapt orkar å tenke på, alt dette som verkar så uhandterleg, så komplekst og tja, tidvis håplaust?
Kva er det som driv Anja?

Akkurat no sit ho mellom lune tømmerveggar i Skjennungstua i Nordmarka. Vårsola sender ei strime av lys inn i det dunkle rommet. På stolen hennar heng ein mørkeblå anorakk kjøpt i studietida (60 kroner på UFF, produsert av Hansen & Co AS i Fredrikstad). På trebordet framfor ho kviler ein usedvanleg stor kanelbolle med melisglasur. Anja ser på den med eit barnleg smil, og sender samtidig eit blikk på den tomme koppen ved sidan av.
- Eg må nesten ha meir kakao.

Anja Bakken Riise vaks opp på Tomasjord i Tromsø, med fjellet i ryggen og havet i horisonten. Ho er yngst i ein syskenflokk på tre. Faren var prest, mora farmasøyt. Ein kristen oppvekst bidrog til ein sterkt utvikla rettferdssans.
- Det her er så flåsete, men eg hugsar veldig godt historia om den barmhjertige samaritanen, og dette med å vere mot andre slik du vil at andre skal vere mot deg. Eg trur eg lærte mykje om korleis ein bør vere mot andre, og at sjølv om det er mykje urett i verda, er det ikkje slik det treng å vere - det er noko ein kan prøve å gjere noko med.
- Er religion framleis viktig for deg?
- Eg reknar meg ikkje som truande i dag, men det var ein stor og viktig del av oppveksten, og noko som eg i det store og det heile har sett veldig pris på.
- Du blei leiar for Framtiden i våre hender i 2017 og hadde allereie då mykje leiarerfaring. Har du alltid vore ein person som har stått i front?
- Ja, eg har det.
Ho seier det litt nølande, som om ho ikkje likar å vedkjenne seg det.
- Eg trur ikkje det var veldig overraskande for folk som kjenner meg at det blei slik. Eg har vore i elevrådet, vore revyleiar, gjort mykje sånt.

Utsegn som «slik er det berre» bit ikkje på Anja. Ingenting er statisk. Sjølv Dovrefjell rører på seg, om enn uendeleg sakte. Og det er kanskje her vi nærmar oss eit svar på kvifor nettopp Anja blei leiar av Framtiden i våre hender: ei grunnleggande innstilling om at endring er mogleg.- Verda er ikkje tilfeldigvis sånn eller sånn, seier ho.
- Det ligg politikk bak. Anja fortel om det året ho budde i Sør-Afrika. Der studerte ho utviklingsstudiar og var på feltarbeid på landsb
Gå til mediet

Flere saker fra Fjell og Vidde

Mestring og lek står i sentrum når Barnas Turlag Stadlandet arrangerer surfekurs.
Fjell og Vidde 14.06.2024
Fyrstene av Finntjern - Lars Elling ? Bok
Fjell og Vidde 14.06.2024
Innimellom kan jeg få følelsen av å befinne meg ombord på Titanic. Alle har innsett at noe alvorlig er i ferd med å skje. Samtidig fortsetter musikken på full guffe.
Fjell og Vidde 14.06.2024
Sota Sæter DNT ligger i Breheimen og har de siste årene blitt kjent for sin satsing på mat og en FjellPride-feiring det går gjetord om. Ved Liavatnet i Skjåk ligger de 10 bygningene som utgjør den over 100 år gamle setra. Her tryller vertskapet frem de lekreste retter.
Fjell og Vidde 14.06.2024
Min søster bor på en øy i et krokete sund ved havet.
Fjell og Vidde 14.06.2024

Nyhetsbrev

Lag ditt eget nyhetsbrev:

magazines-image

Mer om mediene i Fagpressen

advokatbladet agenda-316 allergi-i-praksis appell arbeidsmanden arkitektnytt arkitektur-n astmaallergi automatisering baker-og-konditor barnehageno batmagasinet bedre-skole bioingenioren bistandsaktuelt blikkenslageren bobilverden bok-og-bibliotek bondebladet buskap byggfakta dagligvarehandelen demens-alderspsykiatri den-norske-tannlegeforenings-tidende diabetes diabetesforum din-horsel energiteknikk fagbladet farmasiliv finansfokus fjell-og-vidde fontene fontene-forskning forskerforum forskningno forskningsetikk forste-steg fotterapeuten fri-tanke frifagbevegelse fysioterapeuten gravplassen handikapnytt helsefagarbeideren hk-nytt hold-pusten HRRnett hus-bolig i-skolen jakt-fiske journalisten juristkontakt khrono kilden-kjonnsforskningno kjokkenskriveren kjottbransjen kommunal-rapport Kontekst lo-aktuelt lo-finans lo-ingenior magasinet-for-fagorganiserte magma medier24 museumsnytt natur-miljo nbs-nytt nettverk nff-magasinet njf-magasinet nnn-arbeideren norsk-landbruk norsk-skogbruk ntl-magasinet optikeren parat parat-stat politiforum posthornet psykisk-helse religionerno ren-mat samferdsel seilmagasinet seniorpolitikkno sikkerhet skog skolelederen sykepleien synkron tannhelsesekreteren Tidsskrift for Norsk psykologforening traktor transit-magasin transportarbeideren uniforum universitetsavisa utdanning vare-veger vvs-aktuelt