AddToAny

Forskingsarkiv i fare

Forskingsarkiv i fare
Konsekvensane av omorganiseringa i Arkivverket blir dramatiske for både forskarar og studentar.
ARKIV: Omstillingsprosessen i Arkivverket gir stor grunn til uro, ikkje minst frå ein forskarståstad. Problemet er at Arkivverket no synest å avgrense oppdraget sitt til å vere eit arkiv som skal serve statsforvaltninga på kort sikt, og som ikkje forstår Arkivverket si rolle som forskingsarkiv og som sentral forvaltar av norsk historie og kultur på lengre sikt. Kulturministeren si pressemelding frå 29. februar endrar ikkje dette. Bortsett frå ivaretaking av symbolikk i namn er innhaldet i praksis det same som utløyste arkivalarmen i haust.

Det er oppsiktsvekkande og sterkt kritikkverdig at omstillinga er forsøkt køyrt i lukka rom utan at prosessen har vore kjent for relevante fagmiljø og brukargrupper. Desse har ikkje blitt høyrde, men har på eige initiativ måtta sende uttalar om konsekvensar ved omstillinga. Det gjeld både Den norske historiske forening og Nasjonalt fagråd i historie.

Omstillinga bekymrar meg som forskar og undervisar. Rammene for begge delar vil kunne bli dramatisk svekte. Eg uroar meg særleg for to område: svekt arkivkompetanse og svekt arkivtilgang.

ı. mars sende Arkivverket budsjettsøknad for 20ı7 til Kulturdepartementet. Søknaden forsterkar uroa. Her er ikkje forsking, verken rettleiing eller tilrettelegging for forsking, nemnd blant det som Riksarkivaren oppfattar som Arkivverkets samfunnsoppdrag. Heller ikkje når Riksarkivaren listar opp kulepunkt med mål for Arkivverk
Gå til mediet

Nyhetsbrev

Lag ditt eget nyhetsbrev:

magazines-image

Mer om mediene i Fagpressen

advokatbladet agenda-316 allergi-i-praksis appell arbeidsmanden arkitektnytt arkitektur-n astmaallergi automatisering baker-og-konditor barnehageno batmagasinet bedre-skole bioingenioren bistandsaktuelt blikkenslageren bobilverden bok-og-bibliotek bondebladet buskap byggfakta dagligvarehandelen demens-alderspsykiatri den-norske-tannlegeforenings-tidende diabetes diabetesforum din-horsel energiteknikk fagbladet farmasiliv finansfokus fjell-og-vidde fontene fontene-forskning forskerforum forskningno forskningsetikk forste-steg fotterapeuten fri-tanke frifagbevegelse fysioterapeuten gravplassen handikapnytt helsefagarbeideren hk-nytt hold-pusten HRRnett hus-bolig i-skolen jakt-fiske journalisten juristkontakt khrono kilden-kjonnsforskningno kjokkenskriveren kjottbransjen kommunal-rapport Kontekst lo-aktuelt lo-finans lo-ingenior magasinet-for-fagorganiserte magma medier24 museumsnytt natur-miljo nbs-nytt nettverk nff-magasinet njf-magasinet nnn-arbeideren norsk-landbruk norsk-skogbruk ntl-magasinet optikeren parat parat-stat politiforum posthornet psykisk-helse religionerno ren-mat samferdsel seilmagasinet seniorpolitikkno sikkerhet skog skolelederen sykepleien synkron tannhelsesekreteren Tidsskrift for Norsk psykologforening traktor transit-magasin transportarbeideren uniforum universitetsavisa utdanning vare-veger vvs-aktuelt