Forskerforum
27.11.2023
Folkeforsking er meir utbreidd i Noreg enn venta, ifølgje ei ny undersøking. Forskingsrådet vil utvikle vanlege folks forsking vidare.
FOLKeFORSKING - Det som nok har overraska mest, er at det går føre seg fleire folkeforskingsaktivitetar, i fleire sektorar, enn vi trudde. Og fleire driv med meir enn berre datainnsamling, seier spesialrådgjevar Thomas Evensen i Forskingsrådet.
Internasjonal forskingspolitikk går i retning av meir open forsking, der kunnskap skal delast på tvers av fagmiljø og samfunnssektorar. Folkeforsking («citizen science»), altså involvering av folk utanfor forskingsmiljøa i forskingsaktivitetar, er eit element i denne utviklinga. Folkeforsking er ikkje nytt, til dømes har folk flest lenge kunna rapportere inn observasjonar av plantar og dyr til Artsdatabanken, men det er blitt meir sentralt i forskingspolitikken med tida. Sidan 2021 har Forskingsrådet koordinert eit nasjonalt nettverk for folkeforsking, der interesserte aktørar har kunna utveksle erfaringar. Men mange har sakna praktisk informasjon og gode døme. Kartlegginga er eit første steg mot å skaffe eit betre kunnskapsgrunnlag.
IKKJE BERRE UNIVERSITETA
Ein del av kartlegginga var ei spørjeundersøking som vart send ut til alle ein kunne kome på, med oppmoding om å dele invitasjonen vidare. 40 prosent av dei nesten 300 respondentane oppgav at dei sj�
Gå til medietInternasjonal forskingspolitikk går i retning av meir open forsking, der kunnskap skal delast på tvers av fagmiljø og samfunnssektorar. Folkeforsking («citizen science»), altså involvering av folk utanfor forskingsmiljøa i forskingsaktivitetar, er eit element i denne utviklinga. Folkeforsking er ikkje nytt, til dømes har folk flest lenge kunna rapportere inn observasjonar av plantar og dyr til Artsdatabanken, men det er blitt meir sentralt i forskingspolitikken med tida. Sidan 2021 har Forskingsrådet koordinert eit nasjonalt nettverk for folkeforsking, der interesserte aktørar har kunna utveksle erfaringar. Men mange har sakna praktisk informasjon og gode døme. Kartlegginga er eit første steg mot å skaffe eit betre kunnskapsgrunnlag.
IKKJE BERRE UNIVERSITETA
Ein del av kartlegginga var ei spørjeundersøking som vart send ut til alle ein kunne kome på, med oppmoding om å dele invitasjonen vidare. 40 prosent av dei nesten 300 respondentane oppgav at dei sj�


































































































