Norsk Landbruk
06.04.2017
Om beitet er dominert av uønska grasartar og mykje ugras, bør det fornyast.
Der ein ikkje kan nytte plog og harv, kan ein prøve å så direkte i beitet. For at grasfrøet skal spire, må det få jordkontakt. Ein kan så heile vekstsesongen, men tilslaget vil variere etter kor gode råme-/spireforhold dei sådde grasartane får og konkurransen frå gras og ugras. Ved gode spireforhold kan breisåing gi godt resultat. Det er best å ha husdyrgjødsel på arealet og tromle etter såing, dersom det er mogleg. Beiting


































































































