AddToAny

Foodora-sykkelbod gjekk frå frilans til fast jobb

Ei lovendring skal gjere det enklare for oppdragstakarar som skulle vore arbeidstakarar, å faktisk bli tilsette med alle fordelane som følger med. Men fagforeininga er redd det må sterkare lut til for å bli kvitt problemet med lausarbeidarar i transportbransjen.
OSLO: Med hjelp frå fagforeininga fekk Vrajesh Saha fast tilsetting som Foodora-sykkelbod i november.
I to år jobba indaren som frilansar for Foodora.
Saha fekk kjenne forskjellen på kroppen, bokstaveleg talt. For to år sidan var han i ei arbeidsulukke. Han bremsa så hardt at han fløy over sykkelen og brekte armen.
- Eg måtte jobbe før eg var frisk. Eg hadde ikkje råd til å vere sjuk, seier han.
Som fast tilsett har han derimot rett på sjukelønn frå første dag. I tillegg må arbeidsgivaren ha yrkesskadeforsikring for ham. Det trengst i ein risikofylt jobb.
Meir pensjon, feriepengar og reglar for arbeidstida er andre ting Saha har krav på.
No kan småbarnsfaren planlegge når han skal ha fri saman med familien, og han er garantert arbeid og lønn. Som frilansar måtte han jobbe når det var arbeid å få, og det var vanskeleg å balansere arbeid og familie.
- Føreseielegheit og tryggleik, trekker han fram som fordelar med fast tilsetting.
Han trekker også fram fagforeininga og tariffavtala dei tilsette har i Foodora. Fagforeininga forhandlar opp lønna for dei tilsette kvart år. Gjennom fagforeininga har tilsette ein kanal der dei kan seie si meining til leiinga.
- Ein har rettar i ei fagforeining, seier Fellesforbundet-medlemmen.

NY REGEL
No skal ei lovendring som trår i kraft neste år, gjere at fleire får same moglegheiter som Saha.
Det skal bli enklare å få tilsettin
Les opprinnelig artikkel

Flere saker fra Magasinet for fagorganiserte

Bussjåfør, kranfører, forbundssekretær, båtbygger, maskinist og museumsvakt - Bjørn Fuglestad (85) jobbet i nesten sju tiår og har vært LO-medlem enda lenger.
Regjeringen overlater spørsmålet om mer pensjonsopptjening til LO og NHO.
Hvis arbeidsgiver nekter å godta sykmelding fra en ansatt, kalles det bestridelse.
Unntakslovene i Ukraina har fram til nå gjort at arbeidsgivere ensidig har kunnet fravike deler av tariffavtalene. Det kan de ikke lenger.
29. oktober: Agiteringskurs, Region Nord - avd. 32 Transport Nord, Thon Hotel Kirkenes 29. oktober: Likestillingskonferanse, Quality Airport Hotel Gardermoen

Nyhetsbrev

Lag ditt eget nyhetsbrev:

magazines-image

Mer om mediene i Fagpressen

advokatbladet agenda-316 allergi-i-praksis appell arbeidsmanden arkitektnytt arkitektur-n astmaallergi automatisering baker-og-konditor barnehageno batmagasinet bedre-skole bioingenioren bistandsaktuelt blikkenslageren bobilverden bok-og-bibliotek bondebladet buskap byggfakta dagligvarehandelen demens-alderspsykiatri den-norske-tannlegeforenings-tidende diabetes diabetesforum din-horsel energiteknikk fagbladet farmasiliv finansfokus fjell-og-vidde fontene fontene-forskning forskerforum forskningno forskningsetikk forste-steg fotterapeuten fri-tanke frifagbevegelse fysioterapeuten gravplassen handikapnytt helsefagarbeideren hk-nytt hold-pusten HRRnett hus-bolig i-skolen jakt-fiske journalisten juristkontakt khrono kilden-kjonnsforskningno kjokkenskriveren kjottbransjen kommunal-rapport Kontekst lo-aktuelt lo-finans lo-ingenior magasinet-for-fagorganiserte magma medier24 museumsnytt natur-miljo nbs-nytt nettverk nff-magasinet njf-magasinet nnn-arbeideren norsk-landbruk norsk-skogbruk ntl-magasinet optikeren parat parat-stat politiforum posthornet psykisk-helse religionerno ren-mat samferdsel seilmagasinet seniorpolitikkno sikkerhet skog skolelederen sykepleien synkron tannhelsesekreteren Tidsskrift for Norsk psykologforening traktor transit-magasin transportarbeideren uniforum universitetsavisa utdanning vare-veger vvs-aktuelt