Engjom og forskingsgruppa har brukt folkeregistrert adresse på alle som fødde i Noreg i åra 1999-2009, det vil seia om lag 640 000 fødslar. Ved hjelp av Statistisk sentralbyrå sine adressekoordinatar vart det så rekna ut reiseavstand til næraste fødeinstitusjon for alle desse kvinnene.
- Slike individuelle utrekningar er ikkje tidlegare nytta på forsking i fødslar i Noreg, og det er få andre land i verda der slik forsking er mogleg, seier Engjom.
Tredobla risiko
I 1979 var det 95 fødeinstitusjonar i Noreg. Ved årsskiftet no var det 45. Fleire kvinner i fruktbar alder har meir enn ein times reiseveg til næraste sjukehus eller fødestove. Om lag 500 barn vert kvart år no fødd utanfor institusjon utan at det er planlagt, det vil seia 0,69 prosent av norske fødslar. Dei fleste som ikkje når fram er fleirgongsfødande. Og fødslane, dei skjer til dømes i bilar og ambulansar, på legekontor eller på ei nedlagd fødestove.
Les