Fjell og Vidde
01.06.2020
Den prisbelønte barnebokforfattaren Maria Parr har skrive ei historie om fjellet - for små og store Fjell og Vidde-lesarar.
MARIA PARR (f. 1981) er barnebokforfattar frå Vanylven i Møre og Romsdal. Ho debuterte i 2005 med «Vaffelhjarte» som vann Nynorsk Barnelitteraturpris, og som var grunnlaget for tv-serien med same namn. «Tonje Glimmerdal» kom ut i 2009 og vann fleire prestisjetunge prisar, deriblant Brageprisen for beste barne- og ungdomsbok. For «Keeperen og havet» vann ho igjen Brageprisen (2017) og Sultprisen (2018).
D
å vi var små hadde Oskar og eg eit fjell. Oskar er ganske liten enda, altså, for han er veslebroren min. Men før var han enda mindre. Og då hadde vi eit fjell. Berre at det er teit å seie at det var eit fjell. Eg var nemleg tilbake der i dag, for første gong på mange år. Og det er ikkje eit fjell. Det er ein klump. Seriøst, eg kunne ha sykla over det.
Men eg sykla ikkje over. Eg berre sto der med sykkelen min og glodde. Korleis kan eit fjell bli til ein klump? Ingen hadde greve i det eller saga ned tre eller noko som helst. Men eg hugsa det som stort og bratt, og no såg eg heilt tydeleg at det var ingen av delane. Det var berre ein heilt vanleg haug i skogen.
Dette må Oskar aldri få vite, tenkte eg svart.
*** - Hugsar du den gongen vi var på ekspedisjon på Fjellet heilt aleine? brukar Oskar å seie av og til, når vi skal sove.
Og naturlegvis hugsar eg det.
Det var eigentleg heilt utruleg at vi fekk lov. Eg var berre sju år den gongen og Oskar var fem. Mamma skulle jobbe og var skikkeleg lei av maset vårt, for plutseleg sa ho:
Kva om du og Oskar pakkar kvar sin sekk og tek med niste og går til Fjellet og leikar?
Aleine? spurte eg sjokkert.
Ja, ropte Oskar.
Han sto der i strømpebuksa si og var så klar for fjelltur som eit menneske kan bli. For når du er veslebror, då har det ingenting å seie om foreldra er med eller ikkje. Han hadde jo meg.
Ja? sa mamma. - Det klarer de, vel? Vi har vore der tusen gonger.
OK, sa eg tvilande. - Men då må vi forberede oss godt.
Mamma angra nok på heile greia, for ho fekk ikkje jobba mykje den neste timen.
Eg tenkte no de berre kunne ta med skiver og eplejus, sa ho oppgitt.
Skiver og eplejus? Vi må ha sjokolade når vi kjem på toppen, sa eg. - Og frukt. Og tørre kle. Og sitteunderlag.
Og sovepose, sa Oskar, framleis i berre strømpebuksa.
Sovepose? De skal ikkje overnatte! ropte mamma. Men Oskar insisterte. Det gjekk ikkje an å gå på ekspedisjon utan sovepose. Både mamma og eg og alle andre veit at når Oskar først har fått noko i hovudet, så tek det ein million gonger lenger tid å få han til å ombestemme seg enn det tek å berre gjere slik han seier. Så då vi endeleg var klare hadde eg ein d
Gå til medietD