AddToAny

Fengande grej

Fengande grej
Eit hint, ein gjetteleik og ein mikroleksjon får opp læreviljen i fjerdeklassen til Julie Hole i Bergen. «Grej of the Day» har dei henta frå Sverige.
Det er nesten heilt stilt i klasserommet på barneskolen Bønes i Bergen, men ikkje heilt. Hender i været er akkurat så ivrige at ein kan høyre dei, dei veivar litt, og niåringane seier «her her her» heilt bak i ganen på innpust.
Då kontaktlærar Julie Hole endeleg peikar på ein av gutane på fyrste rad, er det ein heil gjeng som sig litt saman på stolane sine.

«Amazonasjungelen!»
Tre dagar i veka startar omtrent sånn, berre at Amazonas er skifta ut. Med taco, Eiffeltårnet, binders, Mount Everest eller eit anna av verdas underverk. Elevane fekk eit hint i går, «Sør-Amerikas grøne teppe», no får dei ein såkalla mikroleksjon om emnet.
- Visste de at dovendyret berre bæsjar ein gong i veka?
Utsegna fungerer som den skal og gjer store augo, måpande munnar, latter.

Sysken og vener får høyre om lærdomen
«Grej of the Day» har blitt ein fast start på dagen tre gongar i veka i fjerde klasse på Bønes skole etter at Hole høyrde om konseptet via Facebook. Konseptet er å lære fort om noko konkret og å fortelje vidare om det har slått an.
- Me hadde ikkje peiling på kor mykje dette kom til å påverke klassen, men det har det verkeleg, seier Hole.

Ho fortel at dei får tilbakemelding frå foreldre som høyrer borna fortelje sysken og vener om det dei har lært.
Det kan verke som om Grej of the Day har kome nærare slagordet om at kunnskap er kult. Men tek det ikkje mykje tid?

- Nesten som morgongymnastikk
- Det tek om lag 20 minutt dei morgonane me har det, men det verkar nesten som morgongymnastikk. Elevane får eit boost, og me rekk faktisk å gjere like mykje i resten av timen som me pleier gjere utan å ha ei grej i starten, seier Hole.
Etter forelesinga får elevane bruke litt tid på å teikne noko frå presentasjonen og skrive ned favorittfakta.
- Det er nokre av gutane i klassen som vanlegvis ikkje vil skrive noko som helst, og no skriv dei lett ei heil side, fortel Hole.

Eit heilt nytt syn: papirkart
I heimelekse skal elevane fortelje om det dei lærte til nokon andre. Veldig ofte fortset greja litt i dagane som følgjer, for då er det plutseleg nokon som har ei mor som har vore på den kinesiske muren eller ein onkel som har dykka i Marianegropa.
- Me tek oss alltid tid til å høyre dei historiene. Eg lar elevane gå bak til kartet for å sjå på det om dei har lyst, fortel læraren.
Bak i klasserommet heng eit stort verdskart. Frå små knappenåler festa på staden der greja dei har lært om er, går det raud tråd ut til eit bilde av greja.
Det store papirkartet, det som ein gong var sentrum i eitkvart klasserom, har altså stått opp igjen. For mange av elevane var det eit he
Gå til mediet

Nyhetsbrev

Lag ditt eget nyhetsbrev:

magazines-image

Mer om mediene i Fagpressen

advokatbladet agenda-316 allergi-i-praksis appell arbeidsmanden arkitektnytt arkitektur-n astmaallergi automatisering baker-og-konditor barnehageno batliv bedre-skole bioingenioren bistandsaktuelt blikkenslageren bobilverden bok-og-bibliotek bondebladet buskap byggfakta dagligvarehandelen demens-alderspsykiatri den-norske-tannlegeforenings-tidende diabetes diabetesforum din-horsel energiteknikk fagbladet farmasiliv finansfokus fjell-og-vidde fontene fontene-forskning forskerforum forskningno forskningsetikk forste-steg fotterapeuten fri-tanke frifagbevegelse fysioterapeuten gravplassen gullur handikapnytt helsefagarbeideren hk-nytt hold-pusten HRRnett hus-bolig i-skolen jakt-fiske journalen journalisten juristkontakt kampanje khrono kilden-kjonnsforskningno kjokkenskriveren kjottbransjen kommunal-rapport lo-aktuelt lo-finans lo-ingenior magasinet-for-fagorganiserte magma medier24 museumsnytt musikkultur natur-miljo nbs-nytt nettverk nff-magasinet njf-magasinet nnn-arbeideren norsk-landbruk norsk-skogbruk ntl-magasinet optikeren parat parat-stat politiforum posthornet psykisk-helse psykologiskno religionerno ren-mat samferdsel seilmagasinet seniorpolitikkno sikkerhet skog skolelederen sno-ski sykepleien synkron tannhelsesekreteren teknisk-ukeblad Tidsskrift for Norsk psykologforening traktor transit-magasin transportarbeideren uniforum universitetsavisa utdanning vare-veger vvs-aktuelt