Forskerforum
06.06.2016
Å kunne norsk er ein nøkkel til inkludering, seier innvandrarar i akademia.
MANGFALD - Eg les og skriv og har møte på engelsk. Men norsk opnar mange dører som elles ville vere stengte, seier Fabio Bento.
Bento er postdoktor ved Institutt for atferdsvitskap ved Høgskulen i Oslo og Akershus (HiOA). Han kom frå Brasil til Noreg som student for femten år sidan, og er blitt verande, først ved Universitetet i Oslo, så ved NTNU der han tok doktorgraden, og no ved HiOA.
- Norsk gjev tilgang til dei daglegdagse samtalane som er så viktige for å få eit nettverk og skape faglege samarbeid, seier han.
DEN VANSKELEGE LUNSJEN Manglande nettverk og kulturelle referansar kan gjere det vanskeleg for innvandrarar å få innpass i norsk akademia, viser rapporten «Å være utlending er ingen fordel» (sjå faktaboks). Lunsjen er ein viktig arena for dei viktige, uformelle samtalane på arbeidsplassen. Men nordmenn legg ofte opp arbeidstida annleis enn utanlandske arbeidstakarar er vande med, og det kan vere vanskeleg å få til lunsj i lag. Og lunsjsamtalane kan verke eksklu
Gå til medietBento er postdoktor ved Institutt for atferdsvitskap ved Høgskulen i Oslo og Akershus (HiOA). Han kom frå Brasil til Noreg som student for femten år sidan, og er blitt verande, først ved Universitetet i Oslo, så ved NTNU der han tok doktorgraden, og no ved HiOA.