Forskerforum
03.10.2023
Faginndelinga ved norske universitet kan sjå naturgitt ut. Kva skjer når nye innfallsvinklar pressar seg fram mellom dei etablerte faga?
Kva er eit fag? Då den økologiske økonomen Joan Martínez-Alier før sommaren vart tildelt Holbergprisen for framifrå forsking innan humaniora, samfunnsvitskap, jus og teologi, oppstod det tilløp til debatt om kvar i det akademiske landskapet forskinga hans høyrer heime. Martínez-Alier skreiv sjølv den første læreboka i økologisk økonomi og var med på å institusjonalisere fagfeltet gjennom å etablere eit tidsskrift og eit internasjonalt selskap. Men då han på 1990-talet ville starte eit doktorgradsprogram ved heimeinstitusjonen Universitat Autònoma de Barcelona, fekk han ikkje leggje det til det økonomiske instituttet. Det måtte forankrast ved instituttet for geografi, og ligg i dag ved eit tverrfagleg senter for miljøvitskap og teknologi.
Spesialisering gjev nydanningar
Akkurat korleis faginndelinga i vestleg høgare utdanning endra seg frå antikkens «frie kunstar» og fram til det ein vanlegvis forstår som ei universitetsutdanning i dag, er ikkje lett å få grep om. Men nokre raude trådar finst likevel. Dei frie kunstane, artes liberales, finn vi att i omgrepet «examen artium», som utgjorde opptaksprøva til universitetet, fram til det vart erstatta av den langt kjedelegare nemninga «generell studiekompetanse». I mellomtida er danningsfaga for antikkens unge menn blitt knadde gjennom renessansehumanistane si interesse for poesi, litteratur og etikk og tilførte fleire naturvitskapar og etter kvart samfunnsvitskapar til vi sit med det moderne universitetet som spenner frå filosofi til biologi til kunstutdanning.
John Peter Collett, historieprofessor emeritus med særleg interesse for forskingshistorie, fortel at nye fag gjerne oppstår gjennom stadig spesialisering:
- Ta medisin: Ville du vite mykje om nyrer, laut du setje deg inn i litteratur som få hadde føresetnader for å ta del i. Så fekk ein eigne tidsskrift og konferansar for faget nefrologi.
På den andre sida er undervisingsfaga slett ikkje alltid samanfallande med forskingsdisiplinane, peikar han på.
- Undervisingsfag som nordisk eller engelsk oppstod fordi det var behov for å
Gå til medietSpesialisering gjev nydanningar