AddToAny

Førebuing til strålebehandling av prostatakreft

Førebuing til strålebehandling av prostatakreft
OVE FREMSÆTER OG EIVIND STAVANG, STRÅLETERAPEUTAR VED KREFTAVDELINGA PÅ ÅLESUND SJUKEHUS
Prostatakreft er den vanlegaste kreftsjukdomen for menn i Noreg. Årleg vert om lag 5000 nye høve av sjukdommen oppdaga (1). Ved Kreftavdelinga i Ålesund gjev ein kurativ strålebehandling til over 100 pasientar med prostatakreft årleg. For å betre behandlings- og informasjonstilbodet til pasientar og pårørande vart kurset
Førebuing til strålebehandling av prostatakreft etablert hausten 2015.

Innleiing
Pasientopplæring er ei lovpålagt oppgåve (2) og er i aukande grad nytta som tiltak i behandlingsforløp, særskilt for pasientar med kroniske plager. Pasientopplæring er definert som eit sett med planlagde opplæringsaktiviteter der målet er å betre pasientar sin helseatferd og helsestatus (3). Eit bestillardokument frå Helse- og omsorgsdepartementet og Helse Midt-Noreg visar til at det er ønskeleg med pasientopplæringstiltak som kan betre livskvaliteten til pasientar og pårørande (4). For pasientar med prostatakreft ved vår avdeling betyr dette å delta i eit opplæringskurs der målet er auka grad av meistring, gjennom kunnskap og informasjon.

Prosjektet
Det vart nytta PSO-metode (person-, system- og organisasjonsutvikling) i etableringa av kurset. Kort fatta inneber det at ein ikkje berre utviklar verksemda som system, men også kvar enkelt medarbeidar og sjølve organisasjonen (5). Prosjektet vart organisert internt med ressurspersonar frå aktuelle einingar på det lokale sjukehuset. Vi har også nytta eksterne ressursar gjennom ein brukarrepresentant (pasient med prostatakreft som har fullført kurs og kurativt behandlingsopplegg) og ein representant frå Prostatakreftforeninga (PROFO).
I 2014 reiste fire representantar frå Kreftavdelinga i Ålesund på hospitering ved stråleterapiseksjonen på Haukeland universitetssjukehus. Der har dei etablert tilbodet «Prostataskolen», eit velfungerande og populært kurs. Målet var å hauste erfaringar og hospiteringa gav mykje inspirasjon. Lokalt har Lærings- og meistringssenteret (LMS) vore ein ressurs i etableringa av tilbodet ved sjukehuset i Ålesund.
Sidan oppstart ultimo 2015 har vi arrangert eit kurs per kvartal. Kursprogrammet er tverrfagleg. Sjå tabell 1 for innhald.

Deltaking
Kursdeltakarane betalar eigenandel etter gjeldande avtaler. Frikort dekker eigenandel.
Antal deltakarar har variert frå 7 til 23 (figur 1). I byrjinga inkluderte vi utelukkande pasientar tilvist til radikal strålebehandling mot prostatakjertel. Dette hovudsakleg for å kunne tilpasse undervisninga til ei mest mogleg homogen pasientgruppe. Andelen av pasientar som får utført radikal prostatektomi er aukande. Tradisjonelt har kirurgi vore førsteval ved lav- og intermediær risikoprofil. Dei siste åra har det vore ein glidning mot aukande bruk av kirurgi for pasientar i høgrisikogruppa (6). 11-38 prosent av dei som radikalopererast, opplever tilbakefall (7). Ved antatt lokalt residiv vil strålebehandling mot prostatalosjen, som adjuvant behandling, vere høgaktuelt. Etter kurs nummer fire vart det beslutta at ein skulle inkludere prostatakreftpasientar tilvist postoperativ kurativ strålebehandling av p
Gå til mediet

Flere saker fra Hold Pusten

Et sikkert vårtegn er når setningen «er du klar for vårens vakreste eventyr» dukker opp.
Hold Pusten 27.03.2024
I offentlig sektor har pensjon tradisjonelt blitt sett på som «utsatt» lønn.
Hold Pusten 27.03.2024
Arbeidsmiljøloven er grunnleggende for arbeidslivet i Norge og gjelder for alle arbeidsforhold, inkludert ansatte i helsesektoren.
Hold Pusten 07.02.2024
Hold Pusten 18.12.2023
Sammendrag Innledning: Deltakelse i aktiviteter som bidrar til kontinuerlig profesjonell kompetanseutvikling (KPK) er viktig for å kunne utføre et forsvarlig radiograffaglig arbeid i stadig utvikling.
Hold Pusten 20.09.2023

Nyhetsbrev

Lag ditt eget nyhetsbrev:

magazines-image

Mer om mediene i Fagpressen

advokatbladet agenda-316 allergi-i-praksis appell arbeidsmanden arkitektnytt arkitektur-n astmaallergi automatisering baker-og-konditor barnehageno batmagasinet bedre-skole bioingenioren bistandsaktuelt blikkenslageren bobilverden bok-og-bibliotek bondebladet buskap byggfakta dagligvarehandelen demens-alderspsykiatri den-norske-tannlegeforenings-tidende diabetes diabetesforum din-horsel energiteknikk fagbladet farmasiliv finansfokus fjell-og-vidde fontene fontene-forskning forskerforum forskningno forskningsetikk forste-steg fotterapeuten fri-tanke frifagbevegelse fysioterapeuten gravplassen handikapnytt helsefagarbeideren hk-nytt hold-pusten HRRnett hus-bolig i-skolen jakt-fiske journalisten juristkontakt khrono kilden-kjonnsforskningno kjokkenskriveren kjottbransjen kommunal-rapport Kontekst lo-aktuelt lo-finans lo-ingenior magasinet-for-fagorganiserte magma medier24 museumsnytt natur-miljo nbs-nytt nettverk nff-magasinet njf-magasinet nnn-arbeideren norsk-landbruk norsk-skogbruk ntl-magasinet optikeren parat parat-stat politiforum posthornet psykisk-helse religionerno ren-mat samferdsel seilmagasinet seniorpolitikkno sikkerhet skog skolelederen sykepleien synkron tannhelsesekreteren Tidsskrift for Norsk psykologforening traktor transit-magasin transportarbeideren uniforum universitetsavisa utdanning vare-veger vvs-aktuelt