UtanriksministerBørge Brendebegynte foredraget med å peika på at mange er urolege for at ting som har skjedd i fortida kan gjenta seg, dersom dei ulike krisene ikkje blir takla på den rette måten, skriv Uniforum.
- Churchill og Hambro såg
- Før Den andre verdskrigen braut laus var Storbritannias seinare statsminister Winston Churchill og den norske Høgre-politikaren C.J. Hambro to av dei få som såg kva som rørte seg i Tyskland. Forfattaren Stefan Zweig skreiv at han vaks opp i eit Europa som var fridomens gullalder. Det var rett før Den første verdskrigen. Og me kan skildra vår eigen oppvekst i Noreg på den same måten, understreka Børge Brende.
Først og fremst peika han på det positive som hadde skjedd i Europa dei siste tiåra.
- Etter at Berlinmuren fall, fekk mange millionar fleire europearar tilgang til fridom. Den tyske forbundskanslaren Helmut Kohl var flink til å gripa denne sjansen. Først blei det naudsynt samarbeid, før det blei eit forlik, og til slutt blei det gjenforeining av Tyskland, konstaterte han.
NATO, EU og Europarådet
Brende viste til at Europa var avhengig av eit transatlantisk samarbeid med USA


































































































