AddToAny

EU satsar på datadeling

EU satsar på datadeling
Dei største hindringane for deling og gjenbruk av forskingsdata er sosiale, ikkje teknologiske. Det viser arbeidet med ei europeisk skyteneste for forskingsdata.
Kjerstin Gjengedal Eit digitalt område der forskarar innanfor alle fagområde trygt kan lagre, dele, analysere og gjenbruke forskingsdata er eitt av dei viktigaste konkrete tiltaka på EU-kommisjonens forskingsagenda. Ideen om skytenesta, kalla European Open Science Cloud, vart lansert på forsommaren i fjor. EU-kommisjonær for forsking og innovasjon, Carlos Moedas, har gjort det klart at målet hans er at innan 2020 skal alle forskarar i Europa ha moglegheiten til å dele og gjenbruke forskingsdata gjennom ein slik felleseuropeisk infrastruktur. Dette er også eitt av handlingspunkta i Amsterdam Call for Action on Open Science, ein plan for korleis EU skal nå målsettinga om open tilgang til forsking og forskingsdata innan 2020. Sidan i fjor har ei ekspertgruppe arbeidd med å finne ut korleis ei slik skyteneste kan utviklast i praksis. No er dei viktigaste framlegga klare. Gruppa presiserer at den teknologiske infrastrukturen for lagring og deling av data allereie finst, men er for fragmentert. Det som manglar, er samkøyring, standardisering av rutinar og ikkje minst insentiv for å dele data. Vil gjere datadeling obligatorisk I dag går den store majoriteten av forskingsdata tapt fordi forskarane har insentiv til å publisere artiklar, ikkje til å gjere datamaterialet tilgjengeleg, sa den nedelandske bioinformatikaren Barends Mons, som har leia ekspertgruppa, då han presenterte arbeidet på ein konferanse nyleg. Gruppa tilrår difor at planar for datahandtering ikkje berre i løpet av forskingsprosjektet, men for ettertida må bli ein obligatorisk del av prosjektsøknader. Samstundes tilrår gruppa at reglane for å få tilgang til skytenesta, må vere så få og enkle som råd. Det er viktig at ein Open Science Cloud er minst mogleg toppstyrt og gjev mest mogleg fridom til brukarane, seier ekspertgruppa. Dei tekniske byggeklossane for ei slik teneste er på plass, men dei snakkar ikkje med kvarandre. Vi treng meir moderne finansieringsverktøy, insentiv til å dele data, og vi treng å utdanne fleire ekspertar på datahandtering, sa Mons, som estimerer at det i gjennomsnitt trengst éin slik ekspert per 20 forskarar som produserer data. Skytenesta skal i hovudsak rette seg mot forskarar, men den bakanforliggande infrastrukturen superdatamaskinar, programvare, og nettverk med høg kapasitet skal også vere tilgjengeleg for næringslivet og for publikum.
Gå til mediet

Flere saker fra Forskerforum

Forskerforum 30.01.2025
Forskerforbundet og Tekna har inngått en avtale med Abelia som sikrer forskningsinstitutter under Abelia mulighet til å ansette stipendiater og
Forskerforum 30.01.2025
Forskarar som var misnøgde med Twitter etter at Elon Musk kjøpte plattforma, flokkar seg no om Bluesky. Men kva kjenneteiknar det ideelle sosiale mediet?
Forskerforum 30.01.2025
Akademisk skriving har blitt et pliktløp med trange rammer. En ny generasjon vil skrive på egne premisser.
Forskerforum 30.01.2025
Forskerforum 30.01.2025

Nyhetsbrev

Lag ditt eget nyhetsbrev:

magazines-image

Mer om mediene i Fagpressen

advokatbladet agenda-316 allergi-i-praksis appell arbeidsmanden arkitektnytt arkitektur-n astmaallergi automatisering baker-og-konditor barnehageno batmagasinet bedre-skole bioingenioren bistandsaktuelt blikkenslageren bobilverden bok-og-bibliotek bondebladet buskap byggfakta dagligvarehandelen demens-alderspsykiatri den-norske-tannlegeforenings-tidende diabetes diabetesforum din-horsel energiteknikk fagbladet farmasiliv finansfokus fjell-og-vidde fontene fontene-forskning forskerforum forskningno forskningsetikk forste-steg fotterapeuten fri-tanke frifagbevegelse fysioterapeuten gravplassen handikapnytt helsefagarbeideren hk-nytt hold-pusten HRRnett hus-bolig i-skolen jakt-fiske journalisten juristkontakt khrono kilden-kjonnsforskningno kjokkenskriveren kjottbransjen kommunal-rapport Kontekst lo-aktuelt lo-finans lo-ingenior magasinet-for-fagorganiserte magma medier24 museumsnytt natur-miljo nbs-nytt nettverk nff-magasinet njf-magasinet nnn-arbeideren norsk-landbruk norsk-skogbruk ntl-magasinet optikeren parat parat-stat politiforum posthornet psykisk-helse religionerno ren-mat samferdsel seilmagasinet seniorpolitikkno sikkerhet skog skolelederen sykepleien synkron tannhelsesekreteren Tidsskrift for Norsk psykologforening traktor transit-magasin transportarbeideren uniforum universitetsavisa utdanning vare-veger vvs-aktuelt