AddToAny

Erfaringar med VR som fysioterapitiltak i rehabilitering av hjerneslagpasientar. Ein intervjustudie

Jeanette Svarstad, Bsc. fysioterapi, spesialfysioterapeut ved Medisinsk klinikk, Helse Førde. jeanette.svarstad@helse-forde.no. Stine Solvik, Bsc. fysioterapi, spesialfysioterapeut ved Medisinsk klinikk, Helse Førde. Runar Tengel Hovland, PhD., førsteamanuensis ved Institutt for helse- og omsorgsvitskap, Høgskulen på Vestlandet og Seksjon for forsking og innovasjon, Helse Førde.
... Denne vitenskapelige artikkelen er fagfellevurdert etter Fysioterapeutens retningslinjer, og ble akseptert 26. april 2022. Studien er vurdert av personvernombodet ved Helse Førde. Ingen interessekonflikter oppgitt. Innleiing
Ifølge slagregisteret var det 229 pasientar med påvist hjerneslag innlagt i Helse Førde i 2020. Same året vart 8 917 personar i Noreg råka av hjerneslag. Majoriteten var over pensjonsalder, ni av ti budde heime og dei fleste hadde ikkje behov for hjelp i kvardagen (75 %). Typiske symptom på hjerneslag er parese i eine sida av ansiktet, i ein arm, i eit bein og språk-/talevanskar. Sju av ti har eitt eller fleire av desse symptoma (1). Alvorsgraden og komplikasjonar varierer. Førekomsten av hjerneslag er venta å auke med åra i takt med at det vert fleire eldre (2).
Personar som har fått motoriske utfall som følgje av hjerneslag bør i følgje den nasjonale retningslinja for rehabilitering etter hjerneslag få tilbod om intensiv rehabilitering med fokus på oppgåverelatert trening så tidleg som mogleg etter eit slag (3). Desse pasientane utgjer om lag 45 % av den samla førekomsten, og vert tilvist fysikalsk rehabilitering. Her vert pasientane følgt opp av eit rehabiliteringsteam med fysioterapeuten i ei sentral rolle. Konvensjonell fysioterapi etter hjerneslag handlar om individuelt
Sammendrag Hensikt: Hensikten med prosjektet var å få kunnskap om korleis pasientar med akutt hjerneslag opplever å trene opp balanse, tempo, koordinasjon og armfunksjon i eit virtuelt rom ved bruk av VR-briller og handkontrollar, og om dette bidreg til å styrke motivasjonen for trening.
Metode: Prosjektet er organisert som eit internt forbetringsprosjekt. VR-trening har vore utført som ei eiga økt i tillegg til den konvensjonelle fysioterapioppfølginga. Åtte deltakarar vart intervjua etter fullført treningsperiode med utgangspunkt i ein semi-strukturert intervjuguide. Stegvis-deduktiv induktiv metode vart nytta for å analysere datamaterialet.
Funn: Alle deltakarane opplevde VR-treninga som særs engasjerande, motiverande og nyttig. Fire tematikkar oppsum
tilpassa trening for relæring av funksjon, og er det viktigaste fysioterapitiltaket etter eit hjerneslag. Motoriske erfaringar spelar ei avgjerande rolle for hjernen, nervesystemets plastisitet, og reorganiseringa i det intakte hjernevevet (4). Treninga må ha tilstrekkeleg intensitet, mengde og varigheit for å kunne oppnå endring og bringe pasienten tilbake til best mogleg funksjonsnivå. Det vil seie konkret trening på dei rørsler og aktivitetar som pasienten har som mål om å meistre (3). Derfor er det viktig at pasientane også opplever treninga som meiningsfull, i tillegg til at den bør vere oppgåverelatert og funksjonell. Noverande paradigme for nevrorehabilitering inneber strategiar for å forbetre motorisk funksjon med vekt på eit høgt tal repetisjonar, høg intensitet og oppgåvespesifikke intervensjonar (5).
I arbeidet vårt med hjerneslagpasientar i Helse Førde observerer vi at lengre rehabiliteringsopphald påverkar motivasjonen negativt, og pasientane sin framgang vert redusert etter kvart. Eit døme er trygg balansetrening på lågare nivå kor pasientane skal utfordre sittande balanse. Her vert det ofte vanskeleg å sjå dei «små» framstega i re
merar deltakarane si erfaring: 1) Informasjon og opplæring: Vanskeleg å beskrive, må opplevast, 2) Opplevinga: Eit rom utanfor tid og sjukdom, 3) Nytteverdi: Motivert av konkurranse og opplevd framgang - «Eg fekk meir», 4) Forbetringar: Teknisk utfordringar, enklare brukargrensesnitt og variasjon.
Konklusjon: Opplevinga av å gå inn i ei «boble» der tid og stad blir noko «utanfor det normale» gjev ei positiv oppleving som påverkar motivasjon. Deltakarane observerer og at treninga gjev progresjon. VR-trening erfarast som trygt for pasientane innafor den tilrettelagde ramma og kan tilrådast som eit supplerande tiltak i rehabiliteringa.
Nøkkelord: Fysioterapi, virtuell realitet, hjerneslag, intervju, motorisk funksjon.

habiliteringa. For å påverke fysisk aktivitetsnivå og fysisk funksjon er det derfor vesentleg å finne motivasjonen for å gjennomføre tilstrekkeleg mengde med trening (6).
Virtuell realitet (VR) er datateknologi innebygd i briller som lar brukaren påverke og bli påverka i eit dataskapt miljø som kan opplevast som nær den verkelege verda (7). I VR kan vanskegrad og anna kompleksitet tilpassast den einskilde utan dei fysiske restriksjonane som den verkelege verda gjev. Å nytte VR kan gje pasienten ein ny, motiverande arena for å gjennomføre krevjande treningsøkter, sjølv ved betydeleg funksjonsnedsetting (8). Kombinasjonen av VR og konvensjonell trening kan auke motivasjon og fremme rehabiliteringsprosessen (9). I fleire studiar er effekten av trening i VR undersøkt, men resultata sprikar. Dei syner lite til moderat effekt frå studiar av låg til moderat kvalitet (10). Den hittil siste publiserte meta-analysen konkluderer imidlertid med at VR er eit effektivt tiltak for gange, balanse og dagleg funksjon for personar som har hemiparese etter hjerneslag (11). Vi finn berre to studiar om korleis pasientane skildrar si oppleving av VR-trening. Begge finn at pasientane både kjenner seg trygge og opplev glede som gjev motivasjon for trening (12,13). Særskilt kan tilbakemelding i form av poengskår ha betydning for motivasjonen (12,14). Treninga vert skildra som ein djupt engasjerande leik som både er nyttig og fungerer som ei avveksling frå kvardagen, men individuell tilpassing er viktig
© Author(s) (or their employer(s)) 2022. Re-use permitted under CC BY-NC. No commercial re-use. See rights and permissions (https://creativecommons. org/licenses/by-nc/4.0/). Published by Fysioterapeuten.

(13). Ei utfordring er sviktande utstyr og teknologi (13).
Regional plan for habilitering og rehabilitering 20162020 (15) og Pakkeforløp hjerneslag - fase 2 (16) tilrår å nytte meir teknologi i oppfølginga av pasientar. Også i planverk som Nasjonal Helse- og sjukehusplan (17) er det eit mål at ny teknologi vert teken i bruk for å fremje utvikling og nye behandlingsmåtar. Vi har undersøkt korleis pasientar med akutte hjerneslag i Helse Førde erfarer VR som fysioterapitiltak i rehabiliteringsprosessen for motivasjon og meistring.

Metode
Åtte utvalde hjerneslagpasientar i Helse Førde fekk i perioden september 2020 til august 2021 prøve VR-trening som fysioterapitiltak i rehabiliteringa. VR-trening vart inkludert som eit tillegg til den tradisjonelle fysioterapi-oppfølginga. Etter fullført treningsperiode intervjua vi deltakarane om opplevinga og nytten av å trene i VR. Tiltaket var organisert som eit internt forbetringsprosjekt med ei prosjektgruppe og ei styringsgruppe som bestod av fagleg kompetanse og leiarar.

Skildring av tiltaket
Pasientar med motoriske funksjonsutfall har tett oppfølging av fysioterapeut i akutt og subakutt rehabiliteringsfase på sjukehus og ved behov for vidare rehabilitering etter utskriving. Fysioterapeuten har fokus på å gjenvinne normalmotorisk rørslemønster og sjølvstendig funksjonsevne, relæring av funksjon og finne fram til spontane handlingar der pasienten sjølv finn det normale mønsteret for rørsle. VR-treninga vart gjennomfø
Gå til mediet

Flere saker fra Fysioterapeuten

Kunsten å undre seg når andre preges av frustrasjon: Joost van Wijchen søker samtale når andre river seg i håret.
Fysioterapeuten 22.01.2025
Mer enn 20 prosent av alle arbeidsdyktige i Norge står utenfor arbeidslivet. Andelen unge på uføretrygd er mer enn doblet siden 2010. Ved Rehabiliteringssenteret AiR i Rauland, har fagteamet fire uker på seg for å få folk tilbake i arbeid.
Fysioterapeuten 22.01.2025
Inger-Johanne Skjold, MSc. fysioterapeut, psykomotorisk fysioterapeut, Åstveit Helsesenter. inger.johanne.skjold@gmail.com.
Fysioterapeuten 08.05.2024
Fysioterapeuten 24.01.2024
Kontaktpersoner er bindeleddet mellom avtalefysioterapeuter og kommunen. I Indre Østfold bidrar Terese Brustad og Hege Fundingsrud Novak til å synliggjøre fysioterapeuters rolle.
Fysioterapeuten 24.01.2024

Nyhetsbrev

Lag ditt eget nyhetsbrev:

magazines-image

Mer om mediene i Fagpressen

advokatbladet agenda-316 allergi-i-praksis appell arbeidsmanden arkitektnytt arkitektur-n astmaallergi automatisering baker-og-konditor barnehageno batmagasinet bedre-skole bioingenioren bistandsaktuelt blikkenslageren bobilverden bok-og-bibliotek bondebladet buskap byggfakta dagligvarehandelen demens-alderspsykiatri den-norske-tannlegeforenings-tidende diabetes diabetesforum din-horsel energiteknikk fagbladet farmasiliv finansfokus fjell-og-vidde fontene fontene-forskning forskerforum forskningno forskningsetikk forste-steg fotterapeuten fri-tanke frifagbevegelse fysioterapeuten gravplassen handikapnytt helsefagarbeideren hk-nytt hold-pusten HRRnett hus-bolig i-skolen jakt-fiske journalisten juristkontakt khrono kilden-kjonnsforskningno kjokkenskriveren kjottbransjen kommunal-rapport Kontekst lo-aktuelt lo-finans lo-ingenior magasinet-for-fagorganiserte magma medier24 museumsnytt natur-miljo nbs-nytt nettverk nff-magasinet njf-magasinet nnn-arbeideren norsk-landbruk norsk-skogbruk ntl-magasinet optikeren parat parat-stat politiforum posthornet psykisk-helse religionerno ren-mat samferdsel seilmagasinet seniorpolitikkno sikkerhet skog skolelederen sykepleien synkron tannhelsesekreteren Tidsskrift for Norsk psykologforening traktor transit-magasin transportarbeideren uniforum universitetsavisa utdanning vare-veger vvs-aktuelt