Norsk Landbruk
16.03.2017
Prosjektet Fårebygg har spurt 70 sauebønder med nytt fjøs om dykkar erfaringar. Her er nokre av svara.
Fakta:
Kva for løysingar er du spesielt nøgd med?
• Talle fungerer godt for dyrevelferden, og eg har rikeleg med halm rundt dørene. Bruker også talla til jordforbetring på vanskelege leirkuler.
• To store bingar er oversiktleg, og dyra får bevege seg meir enn i småbingar. Drikkeniplar langs heile innreiinga gir fleksibilitet, med oppdeling til mindre bingar.
• Storbingar og islandshekkar. 100 prosent fleksibilitet i forhold til bruk når fjøset står tomt.
• Seks meter vegghøgde er eg veldig nøgd med. Det gjer at huset er mogleg å bruke til andre formål, utan kostbare endringar, eksempelvis til ammeku.


































































































