Er du ein klimasmart bonde? Eg spør ikkje om du er ein klimaskeptikar, eller skeptisk til at klimaendringane er menneskeskapte, men om du tilpassar deg endringane i vêr og klima. Da er eg ganske sikker på at dei aller fleste av Bondebladets lesarar som driv gardsdrift må svare ja: Bøndene driv og tilpassar med klimaendringane.
Alle norske bønder må ha registrert at somrane er våtare, regnskurene er fleire og blautare enn før, stormane kraftigare og at vintrane er kortare. Er du ein vestlending, har du merka mest til dette, men varmare, villare og våtare klima er registrert over heile landet. Meir skal koma, og no er det ikkje sikkert at dei klimatilpassingane du har gjort, kanskje utan å vita at det, er god nok klimatilpassing. Om det skulle vera slik, som noka hevdar, at endringane i klimaet vi ser i vår tid ikkje er menneskeskapte, er det synd i oss alle. Da bør dei i alle fall ta med i kvel