I 2016 besøkte eg Lista for første gong. Vintervêret var like skiftande der som eg er van med heimefrå. Det var mildt, med kuling og regn den eine dagen, og ein nydeleg vårdag den andre. Midt i februar fekk eg årets første bilde av gjødsling med gylle. På denne turen besøkte eg brørne Arne og Sven Gunnar Kolnes. Førsteinntrykket som eg fekk på Kåde gård, var ikkje så veldig spesielt. Bøndene me besøker er oftast både hyggelege og flinke, og har ei positiv og god historie å fortelje.
Slik var det denne dagen på Lista også. Eg fekk ei kort omvisning i den nye fjøsen, fekk sjå korleis fôringslogistikken var og sett på fôringsdyra i den gamle fjøsen. Eg kan ikkje lenger hugse om eg hadde eit spesielt mål med besøket, eller om hi