Arkitektnytt
23.11.2016
Kan FN-initiativet New Urban Agenda føre til ei betre byutvikling i både Asker og Dar es Salaam?
For ei tid tilbake vart FN sine milleniumsmålsettingar erstatta med 17 nye berekraftsmål. Ein kan sikkert diskutere om dette syner at ein faktisk får til positive, globale endringar av den typen FN er oppteken av, eller om eit sett med nye (og fleire) formuleringar berre er eit bevis på at ein får til for lite, for seint. Eit fagleg høgdepunkt var likevel at byutvikling no har vorte eit eige punkt blant berekraftsmålsettingane. Mål 11 handlar om berekraftige byar og samfunn. Målsettingane for byutvikling, eller dei andre berekraftsmåla, skal ikkje lenger berre gjelde land i sør, heller. Dette er globale mål som skal gjelde i Asker så vel som i Dar es Salaam. At måla er meint å vere unive
Gå til mediet