Sist tysdag la eit utval leidd av professor Torkel Brekke fram forslag til nye nasjonale retningslinjer for open tilgang for vitskaplege artiklar.Hovudmålet er å få endå meir av publiseringa til å skje i tidsskrift med open tilgang og hindra at dei blir stengde inne i betalingsmuren til dei mest prestisjetunge internasjonale vitskaplege tidsskrifta, skriv Uniforum.
Eitt av hovudargumenta er at offentleg finansiert forsking i hovudsak også skal vera ope tilgjengeleg for alle når resultata av forskinga er klare.
- Harvard har ikkje råd
Regjeringa med statssekretær Bjørn Haugstad i Kunnskapsdepartementet som fremste våpendragar, viser også til at dei er ute etter å redusera marknadsmakta til dei store internasjonale forlaga, som til dømes nederlandske Elsevier.
- Dei tar så høge abonnementsprisar at til og med verdas rikaste universitet, Harvard har funne ut at dei ikkje har råd til å abonnera på alle desse vitskaplege tidsskrifta, sa Haugstad.
Etter hans oppfatning betalar staten opptil fleire gonger for noko som staten sjølv først betalte for. Staten betalar for forskinga, lønna til forskaren og bidrage


































































































