Bondebladet
07.08.2025
Metanhemmarar i fôret til kyr får støtte frå fleire mjølkebønder på Voss. - Kritikken mot metanhemmarar er basert på synsing og lite fakta, seier mjølkebonde Ole Draugsvoll.
Bjarne Istad og Terje Eide i Industri- og næringspartiet (INp) på Voss hadde i førre veke eit kritisk lesarinnlegg om bruk av metanhemmarar i foret til mjølkekyr. Sistnemnde tok også saka opp gjennom ein interpellasjon i siste heradsstyremøte før sommarferien.
Der enda fleirtalet opp med å vedta ein uttale og spørsmål som skulle sendast til dei ulike stortingsgruppene og Landbruks- og matdepartementet.
Hordaland har snakka med mjølkebøndene Ole Draugsvoll og Olav Rio Holstad for å høyra kva dei meiner om saka.
Me har òg vore i kontakt med Norges Bondelag, og me har sett på kva forskinga seier om metanhemmarar.
- Alternativet er å produsera mindre
Ole Draugsvoll har rundt 100 mjølkekyr og over 600 kyr til kjøtproduksjon. Han er i utgangspunktet positiv til innføringa.
- Metanhemmarar er ein liten del av mange endringar som må til for å ta vare på jorda vår. Alternativet er å produsera mindre norsk mat, seier Draugsvoll.
Han meiner mykje av kritikken mot metanhemmarar er basert på synsing og lite fakta.
- Dei forstår ikkje heilt kva som skjer med jordkloden, seier han.
Samtidig understrekar Draugsvoll at metanhemmarar ikkje er heile løysinga på klimautfordringane.
- Me kan i
Gå til medietDer enda fleirtalet opp med å vedta ein uttale og spørsmål som skulle sendast til dei ulike stortingsgruppene og Landbruks- og matdepartementet.