AddToAny

Ein veltrena kropp gir menn fortrinn i karrieren

Lisa M. B. Sølvberg intervjua ti norske overklassemenn om kropp, ernæring og fysisk aktivitet. Ho meiner leiarar sitt syn på trening kan påverke kven dei tilset.
Mer om Sport og idrett Mer om Arbeidsliv Mer om Ledelse Mer om Klasse Direktørar og toppleiarar i næringslivet knyter fleire positive eigenskapar til personar som driv med sport. Desse eigenskapane overførte dei til noko positivt i jobbsamanheng. Illustrasjonsfoto: iStockphoto

- Både denne og liknande studium peikar i retning av at symbolske skillelinjer mellom klassar ofte tar subtile og skjulte former, seier Lisa M. B. Sølvberg.

Til masteroppgåva si gjorde Sølvberg ti kvalitative intervju med menn frå overklassen om deira forhold til kropp, ernæring og fysisk aktivitet - no har ho gått djupare inn i temaet saman med rettleiaren sin, Vegard Jarness.

Resultatet er ein artikkel om kropp, klasse og kultur, basert på klasseanalysen til den kjende sosiologen Pierre Bourdieu. I sin praksisteori skil han mellom økonomisk, kulturell og sosial kapital, der klassetilhøyrsla ikkje nødvendigvis er bevisst eller nokon skapar av ei «vi-kjensle».

«Oss og dei»

Til saman er ti menn intervjua i studien, deriblant fem frå den såkalla økonomiske overklassen. Hovudsakeleg består dei av direktørar og toppleiarar i næringslivet med høg inntekt. Dei resterande fem kjem frå den kulturelle overklassen, i form av å vere humaniora-professorar, kjende kunstnarar eller leiarar for etablerte kulturinstitusjonar.

Lisa M. Sølvberg har sett på korleis kroppen vert tolka i tilsettingsprosessar. Foto: UiB

- Vi ønskte å finne ut korleis fysisk aktive menn, som er ein del av den kulturelle og økonomiske overklassen, forstår seg sjølve og samtidig ser på andre. Artikkelen tar spesifikt for seg kropp og fysisk aktivitet, fortel Lisa Sølvberg, som leverte mastergraden sin i sosiologi i fjor.

Sølvberg jobbar no som vitskapleg assistent ved Universitetet i Bergen. «Klasse, kropp og kultur» er hennar første vitskaplege publikasjon. For å finne informantane har ho mellom anna sett på skattelistene for Bergen kommune.

- Det eg var særleg interessert i, var dei symbolske grensene mennene trekte mell

Les mer

Nyhetsbrev

Lag ditt eget nyhetsbrev:

magazines-image

Mer om mediene i Fagpressen

advokatbladet agenda-316 allergi-i-praksis appell arbeidsmanden arkitektnytt arkitektur-n astmaallergi automatisering baker-og-konditor barnehageno batmagasinet bedre-skole bioingenioren bistandsaktuelt blikkenslageren bobilverden bok-og-bibliotek bondebladet buskap byggfakta dagligvarehandelen demens-alderspsykiatri den-norske-tannlegeforenings-tidende diabetes diabetesforum din-horsel energiteknikk fagbladet farmasiliv finansfokus fjell-og-vidde fontene fontene-forskning forskerforum forskningno forskningsetikk forste-steg fotterapeuten fri-tanke frifagbevegelse fysioterapeuten gravplassen handikapnytt helsefagarbeideren hk-nytt hold-pusten HRRnett hus-bolig i-skolen jakt-fiske journalisten juristkontakt khrono kilden-kjonnsforskningno kjokkenskriveren kjottbransjen kommunal-rapport Kontekst lo-aktuelt lo-finans lo-ingenior magasinet-for-fagorganiserte magma medier24 museumsnytt natur-miljo nbs-nytt nettverk nff-magasinet njf-magasinet nnn-arbeideren norsk-landbruk norsk-skogbruk ntl-magasinet optikeren parat parat-stat politiforum posthornet psykisk-helse religionerno ren-mat samferdsel seilmagasinet seniorpolitikkno sikkerhet skog skolelederen sykepleien synkron tannhelsesekreteren Tidsskrift for Norsk psykologforening traktor transit-magasin transportarbeideren uniforum universitetsavisa utdanning vare-veger vvs-aktuelt