Norsk Landbruk
24.09.2020
Dei dummaste bøndene får dei største potetene, heiter det i eit tysk ordtak.
Ordtaket er eit bilde på nokon som slumpar til å tene mykje pengar, utan først å leggje ned ein mental innsats. Ein skal ikkje forstå det slik at det lønner seg for potetdyrkarar å vere kunnskapslause, og ikkje bry seg. Kunnskapsløyse lønner seg berre unntaksvis. Kanskje særleg for bønder?
Det vil alltid vere mogleg å finne ei nisje som kastar av seg, utan at ein er frampå med siste nytt i maskiner og teknisk utstyr. Men for mange dukkar det stadig opp nye måtar å bruke teknologi til å drive smartare. Mange byrjar å få erfaring med GPS, autostyring, seksjonsavstenging, N-sensor, bruk av satellittar og liknande. Nyleg sådde ein liten, dansk, sjølvgåande robot 300