Utdanning
12.04.2024
Rektor Monica Bøhmer har sett klare grenser for når og korleis føresette kan kontakte lærarane. - Dei kan ikkje vere tilgjengelege døgnet rundt, seier ho.
Då Monica Bøhmer blei rektor ved Brandsøy skule ved Florø hausten 2022, gjekk ho inn for at lærarane ikkje skal ha heim-skule-samarbeid i helgene og etter klokka 17 på kvardagane.
Men ho såg fort at så lenge lærarane brukte sin eigen telefon når dei kommuniserte med elevar og føresette, blei det vanskeleg å kople heilt av.
- Derfor kjøpte vi inn arbeidstelefonar til kvar klasse, fortel ho.
Viss dei føresette vil ringe ein lærar, skal dei bruke dette nummeret, som er i bruk mellom klokka 8 og 17. Enkelte lærarar tar telefonen med seg heim, andre er på skulen til klokka er fem, og lar telefonen liggje igjen når dei går.
- Lærarane har fått flei e og flei e arbeidsoppgåver. Då er det desto viktigare at dei har fri når dei har fri. Vi har 105 elevar som vi skal ta vare på. Då må vi òg verne om dei tilsette. Skal vi ta vare på helsa deira,
Gå til medietMen ho såg fort at så lenge lærarane brukte sin eigen telefon når dei kommuniserte med elevar og føresette, blei det vanskeleg å kople heilt av.