For mange studentar inneber dei siste dagane i praksis ei forventning om at ein skal ha eit framlegg om eit valfritt emne innanfor fysioterapien. Eg valde i mitt framlegg ved tredje semester praksis å snakke om fysioterapi og klimaendringar. I denne teksten delar eg mine tankar og erfaringar om framlegget eg hadde.
Fysioterapi og klimaendringar
Det kan for mange vera vanskeleg å velje eit tema som dei ynsker å presentera, enten fordi dei er usikre på kva som vil «falle i smak» hjå praksisplassen eller for at dei ikkje følar at dei har nok kunnskapar om eit spesifikt emne. Eg hadde tredje semester praksis i seks veker i haust og i løpet av siste veka var det min tur til å leda faglunsj. For min del fann eg raskt ut kva eg ville presentere. Eg ville snakke om fysioterapi og klimaendringar, for det er nemleg slik at klimaendringane er den største trusselen til folkehelse og global helse (1).
Eg byrja å bry meg om klimaendringane då eg gjekk på ungdomsskulen og har sida då vert engasjert og opptatt av klima og natur. Det eg opplev er at mykje av den generelle informasjonen om korleis ein kan ta betre val for kloden vår og leve meir berekraftig handlar om kva ein kan gjere som privatperson. Og at det er mindre fokus på kva store organisasjonar og ulike sektorar av samfunnet kan gjera for å redusera utsleppa sine. Dersom den globale helsesektoren hadde vore eit eige land så hadde dei faktisk


































































































