Fjell og Vidde
06.12.2022
Eg snører igjen hetta på den tjukkaste dunjakka mi, prøver å stoppa den kalde gufsen frå å krypa inn i nakken. Idet me køyrer forbi i høg fart, skimtar eg eit verdsikon over meg.
Preikestolen er ein liten prikk, 604 meter over oss i den blågrå desembernatta. Få minutt seinare ser me hurtigbåten fortsetja innover Lysefjorden.
Me står igjen på ei knøttlita kai i stummande mørke. Eit nesten overveldande mørke for auge og kroppar som er vane med kunstig lys nesten døgnet rundt. Eit tynt lag finkorna melis og blank stålis dekker fjæresteinane. Over oss ligg ei bratt, skogkledd fjellsi
Gå til medietMe står igjen på ei knøttlita kai i stummande mørke. Eit nesten overveldande mørke for auge og kroppar som er vane med kunstig lys nesten døgnet rundt. Eit tynt lag finkorna melis og blank stålis dekker fjæresteinane. Over oss ligg ei bratt, skogkledd fjellsi