Bondebladet
04.05.2017
Langs fjellsider så bratte at slåtten må takast med broddar på beina, har Ingrid og Atle Kringlen funne lukka på fjellgarden Kringla. Atle Kringlen
Ein slik gard er ikkje berre maskinarbeid. Du er avhengig av folk som kan gå ut på bøen med rive og gaffel, fastslår Atle Kringlen.
Det kjennast som ein køyrer rett til fjells, og på mange måtar gjer ein akkurat det. Garden Kringla i Naustdal klorar seg fast til ei fjellhylle 325 m.o.h. over Førdefjorden.
Avsides, men ikkje gløymd. På vegen opp møter me både postbil og mjølkebil.
- I 1984 fekk med utbetra vegen slik at mjølkebilen kom til gards. Før det nytta vi taubane, fortel bonden med slektstre på garden tilbake til 1860.
Byjente frå AmsterdamBerre sjølve tunet på den velhaldne, gamle garden er å rek


































































































