Utdanning
06.10.2023
Den nye opplæringslova presiserer at krenking ikkje er subjektivt, og at kva som er krenkande oppførsel avheng av ei konkret heilskapsvurdering, ikkje berre av opplevinga til den einskilde eleven. Her kan du lesa meir om kva som står om krenking i den nye lova.
I 2017 kom det inn eit nytt kapittel om elevanes skolemiljø inn i opplæringslova. Blant anna vart det innført ei skjerpa aktivitetsplikt for skolen, ved mistanke om at ein som arbeider ved skolen, har krenka ein elev. I åra etter har ein del lærarar opplevd at dei i nokre tilfelle ikkje har fått lagt fram si side av saka. Utdanningsforbundet har difor jobba for å få til fornuftige endringar i lova.
Før sommaren vedtok Stortinget ei ny opplæringslov, som skal gjelde frå august 2024. I førearbeida til den nye lova er det gjort ei grundig drøfting, som skal gjere det enklare å handtere krenkingar på ein god måte.
Under finn du svar på nokre sentrale spørsmål om temaet krenkingar slik dette er omtala i den nye lova.
Kva reknes som krenkande oppførsel? Krenkjande oppførsel kan omfatte direkte handlingar og verbale uttrykk retta mot elevar, men også meir indirekte krenkjande handlingar som utestenging, isolering og baksnakking. Både fysisk og digital oppførsel blir omfatta av regelen. Det skal ikkje vere ein høg terskel fo
Gå til medietFør sommaren vedtok Stortinget ei ny opplæringslov, som skal gjelde frå august 2024. I førearbeida til den nye lova er det gjort ei grundig drøfting, som skal gjere det enklare å handtere krenkingar på ein god måte.