Bondebladet
02.10.2025
Nokon har fått ny utsikt. Andre har kanskje måtta legga om den vande turruta si. Det har skjedd store endringar på Vikeså i løpet av sommaren.
Den første grana blei felt i slutten av juni. To og ein halv månad seinare gjenstår berre vel 500 av dei 13 000 kubikkmetrane som nå skal fylla andre funksjonar enn å vera landskap og biologi på Foreknuten på Vikeså i Bjerkreim kommune, sør i Rogaland.
Skogsfeltet er svært godt synleg frå plassar der folk bur, køyrer og oppheld seg på fritida. Foreknuten er dessutan eit mykje brukt turområde med både topptur og merkte løyper for turgåing og trening.
- Me treffer og snakkar med mange når me er her og jobbar. Folk er sjølvsagt nysgjerrige, og alle har meiningar når ein så sentral skog forsvinn. Det er gjerne ei blanding av vemod, glede over eit opnare landskap og ny utsikt, og forventning om gode vekstforhold for bær, men dei aller fleste forstår at dette er landbruk; at ein produksjonsskog som dette er ein ressurs som må forvaltast og haustast, seier Steffen Vinje Skaug.
Han er skogsbruksleiar hos AT Skog SA, som vann anbodet på flatehogsten i Foreknuten. Firmaet, som er eit samvirke eigd av skogeigarane, opererer hovudsakleg i Agder, Telemark, Rogaland og Vestland.
Stor jobb, høg kvalitet
Jobben på Vikeså er over gjennomsnittleg stor for AT Skog.
- I dei fleste jobbane våre er volumet frå nokon hundre kubikkmeter til 2000, fortel Vinje Skaug.
Vi har invitert oss med på tur rundt i skogsfeltet i Foreknuten - og inn i ho
Gå til medietSkogsfeltet er svært godt synleg frå plassar der folk bur, køyrer og oppheld seg på fritida. Foreknuten er dessutan eit mykje brukt turområde med både topptur og merkte løyper for turgåing og trening.