Forskerforum
03.10.2023
Termportalen er lansert på nett. Kva skal til for at denne samlinga med fagord vert eit godt verktøy?
Då kantarellane blenkte på det mest blingete og dei blå snart skulle vinne valet, lanserte Universitetet i Bergen (UiB) Termportalen. Der kan ein søkje etter tilrådde norske faguttrykk og kva dei tyder. Materialet er samla frå mellom anna fagordbøker og termbasar frå ulike fag. Vidare har termgrupper på spesialiserte felt, som celle- og molekylærbiologi, diskutert og kome fram til eigna termar. Språkrådet har teke initiativet til og delteke i nokre av gruppene.
Kulturdepartementet og Kunnskapsdepartementet finansierer portalen, og regjeringa har heilt frå Hurdalserklæringa sagt at dei vil prioritere norsk fagspråk. Ifølgje den ferske tiltaksplanen for utvikling av norsk fagspråk vil regjeringa «leggje til rette for vidare utvikling og bruk av Termportalen».
- Brått er Noreg i førarsetet når det gjeld å utvikle fagterminologi på eige språk, seier Marita Kristiansen, som sjølv arbeider med Termportalen. Ole Våge, som elles utviklar terminologi for helsesektoren, leiar fagrådet for Termportalen.
Normerer ikkje
Kven bestemmer så over fagorda?
- Språkrådet normerer orda i allmennspråket, og i siste instans
Gå til medietKulturdepartementet og Kunnskapsdepartementet finansierer portalen, og regjeringa har heilt frå Hurdalserklæringa sagt at dei vil prioritere norsk fagspråk. Ifølgje den ferske tiltaksplanen for utvikling av norsk fagspråk vil regjeringa «leggje til rette for vidare utvikling og bruk av Termportalen».