NJF-magasinet
19.03.2018
Etter innstilte tog den siste tida, innrømmer NSB-sjefen at kuttet vart for stort. Tillitsvalte har lenge advart om at NSB ikkje kan kutte i tilsette om dei skal levere fleire togreiser.
- Det er krevjande, det er ikkje noko å legge skjul på. Vi jobbar noko veldig, men veit aldri kva dagen bringer eller kva tog som kjem eller ikkje kjem. Vi gjer ein kjempeinnsats alle saman - både konduktørar og lokførarar. Men om toga er innstilt eller overfylte, er det lite vi kan gjere, seier Linda Kjeldaas.
Ho er konduktør på Østfoldbanen - ei av strekningane som merkar personellmangelen hardast.
Kjeldaas fortel om overfylte tog og passasjerar som må stå igjen på perrongen.
- Vi kjenner det i magen når vi kjem på jobb. Om det er innstilte tog, sprer det seg til dei neste avgangane. Det blir ikkje plass til alle på dei neste avgangane. Då får vi sure passasjerar, og det er ingen gunstig situasjon. Ein får ikkje noko god kjensle, men vi prøvar å gjere så godt vi kan og skal smile uansett, seier Kjeldaas.
Ingen bra situasjon. Konduktøren fortel at ho og kollegene strekkjer seg så langt dei klarer.
- Nokon er sjuke og nokon er i foreldrepermisjon. Det må folk få lov til. Men då blir det sånn a
Les opprinnelig artikkelHo er konduktør på Østfoldbanen - ei av strekningane som merkar personellmangelen hardast.