Tidsskrift for norsk psykologforening
05.07.2018
Psykologar er dei nye prestane. Prestane er blitt terapeutar. Skal me snart bli ferdige med denne tåpelege kjenslenes inkvisisjon?
God don't leave me
Ingrid Helene Håvik
God has left us anyway
Susanne Sundfør Kva vil du svare eit homofilt par som kjem til deg for å få råd, og som vil høyre di meining om det er riktig å leve saman som homofile?
Teolog, forskar og forfattar Paul Leer-Salvesen intervjua 19 prestar i Agder og Oslo mellom anna om kva dei sjølve trur på. «Einar» var ein av dei 19, som vart introduserte for tenkte moralske dilemma. Intervjua vart til boka Moderne prester i 2005. Filosof og psykolog Ole Jacob Madsen trakk fram den boka då han vart intervjua om si eiga bok Den terapeutiske kultur i programmet Verdibørsen på NRK i mai i fjor. Innslaget med Madsen har NRK titulert «Psykologiens verdsherredømme». Boka til Madsen kom i fjor i ny utgåve, og Madsen sjølv vart av NRK-programleiaren introdusert som ein av våre mest spanande sakprosaforfattarar. Likevel: ikkje spanande nok til at psykolog- og kulturkritikken hans har blitt diskutert særleg mykje det siste året, i alle fall ikkje mellom psykologar her i deira eige tidsskrift.
«Einar» er ein konservativ prest. Han svarte nokolunde slik til det homofile paret: «Eg personleg meiner ikkje at det er rett, men viss de kjenner at det er rett, så synest eg at de skal leva saman.» Sa presten «Einar». Og sa vel eigentleg: Det som du sjølve kjenner er rett, gjer det, for då er det r
Gå til medietIngrid Helene Håvik