AddToAny

Den heroiske forskaren

Den heroiske forskaren
Dei vitskaplege helteforteljingane kan både inspirere og ekskludere.
Vi treng ein kultur for realfag, hevda kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen då regjeringa annonserte si realfagssatsing. Målet med satsinga er at barn og unge skal få betre kompetanse i realfag, at fleire skal prestere på høgt nivå, og at dette skal kome arbeidslivet til gode. I samband med satsinga introduserte Isaksen omgrepet «realfagsheltar».

- Ein realfagshelt er ein person som kan vere eit viktig førebilete for andre. Det kan vere ein som viser at realfag «kan redde verda», for å bruke litt store ord. Det kan vere forskarar som utviklar nye livreddande medisinar. Eller det kan vere ingeniørar som borar brønnar som gjev tilgang til reint drikkevatn for tusenvis av menneske i tørkeramma område, seier Isaksen til Forskerforum.

Han presiserer at ein realfagshelt, slik han ser det, også kan vere kvardagslege typar som ikkje er mindre viktige av den grunn.

- Eg kan trekke fram Selda Ekiz som gjennom program som Newton og Barn ingen adgang har gjort realfag spennande for mange barn og unge. Eller Sunniva Rose som også har gjort mykje for å bryte ned mytar om jenter og realfag. Som kjernefysikar og bloggar er ho eit godt døme på at kvinner kan velje seg ein karriere innanfor realfag.



Symbol på utvikling

Isaksen er ikkje åleine om å ønskje seg fleire realfagsheltar. Stadig uttrykkjer nokon uro over at vitskapen, og då særleg naturvitskapen, ikkje får respekten han fortener. Noko av den same tankegangen ser ut til å ligge bakom Forskerforbundets Hjernekraftverk-kampanje, der skinande plakatar av norske «forskarsuperstjerner» skal medverke til at forskarane får høgare status, og at norsk forskings- og utdanningsinnsats skal bli styrkt.

Men står det så dårleg til med respekten for forskarane og for realfaga? For nokre år sidan ville psykologiprofessoren James H. Liu og kollegaer undersøke om globaliseringa har ført til ein felles global kultur. Som eksperimentelle psykologar ofte gjer, undersøkte dei haldningane hos universitetsstudentar, denne gongen i 37 ulike land. Studentane vart presenterte for ei lang liste med historisk kjente personar, og bedne om å rangere dei frå positive til negative. Dei mest positive, og minst kontroversielle, figurane var vitskapsmennene Einstein og Newton.

Liu tykkjer det er interessant å spekulere på kvifor nettopp vitskapsmenn ser ut til å bli oppfatta positivt over heile kloden, medan til dømes humanitære figurar som Gandhi og Nelson Mandela var meir kontroversielle.

- Einstein passar med stereotypen om den distré professoren, men han var også oppteken av humanitært arbeid, og den kombinasjonen gjev større, vedvarande ry. Dessutan er både Einstein og Newton representantar for ein æra: Einstein for den moderne fysikkens gullalder, og Newton for opplysningstida. Det er sjeldan at store vitskapsfolk er einsame ulvar, dei blir i staden oppfa
Gå til mediet

Nyhetsbrev

Lag ditt eget nyhetsbrev:

magazines-image

Mer om mediene i Fagpressen

advokatbladet agenda-316 allergi-i-praksis appell arbeidsmanden arkitektnytt arkitektur-n astmaallergi automatisering baker-og-konditor barnehageno batmagasinet bedre-skole bioingenioren bistandsaktuelt blikkenslageren bobilverden bok-og-bibliotek bondebladet buskap byggfakta dagligvarehandelen demens-alderspsykiatri den-norske-tannlegeforenings-tidende diabetes diabetesforum din-horsel energiteknikk fagbladet farmasiliv finansfokus fjell-og-vidde fontene fontene-forskning forskerforum forskningno forskningsetikk forste-steg fotterapeuten fri-tanke frifagbevegelse fysioterapeuten gravplassen handikapnytt helsefagarbeideren hk-nytt hold-pusten HRRnett hus-bolig i-skolen jakt-fiske journalisten juristkontakt khrono kilden-kjonnsforskningno kjokkenskriveren kjottbransjen kommunal-rapport Kontekst lo-aktuelt lo-finans lo-ingenior magasinet-for-fagorganiserte magma medier24 museumsnytt natur-miljo nbs-nytt nettverk nff-magasinet njf-magasinet nnn-arbeideren norsk-landbruk norsk-skogbruk ntl-magasinet optikeren parat parat-stat politiforum posthornet psykisk-helse religionerno ren-mat samferdsel seilmagasinet seniorpolitikkno sikkerhet skog skolelederen sykepleien synkron tannhelsesekreteren Tidsskrift for Norsk psykologforening traktor transit-magasin transportarbeideren uniforum universitetsavisa utdanning vare-veger vvs-aktuelt