Tidsskrift for norsk psykologforening
04.10.2016
I psykisk helsevern har brukaren fått status som ekspert på seg sjølv. Det har ikkje alltid vore slik, noe psykiatrisk sjukepleiar Åsta-Synnøve Myhre kan vitne om.
PASIENTMEDVERKING ER LOVPÅLAGT. Helseministeren prisar framgangen i brukarmedverking innan psykisk helse. Smerteavdelinga i Tromsø er ein norsk pioner på brukarsentrert tilnærming til pasientane. Åsta-Synnøve Myhre, som er psykiatrisk sjukepleiar, har leda og vært med på å utvikle denne tverrfaglege avdelinga dei tolv siste åra. Ho var også med på å skape det første akuttpsykiatriske teamet i Noreg.
Komplekse smerter treng ei brei tilnærming til fagfeltet. På smerteavdelinga arbeider psykologar, psykiatriske sjukepleiarar, smertesjukepleiarar, legar, fysioterapeutar og ein sekretær. Sentralt har vore tilrettelegging av ein open dialog, ei haldning og ein arbeidsmåte med vekt på refleksjonen saman med pasienten.
I 2016 blei Myhre pensjonist, og kan sjå tilbake på ei historisk utvikling, der tenkemåten med å inkludere brukaren i terapien er reformert. Leiaren for smerteavdelinga har vore med på grensesprengande endringar med økt tverrfagleg jobbing og økt brukarmedverking både innanfor det somatiske og det psykiatriske fagfeltet.
Eg møter Myhre på Berg og Sattwa kunstterapeutiske institutt i Tromsø. 62-åringen skal snart meditere.
FRÅ SOMATIKK TIL PSYKIATRI
- Kor skal ein begynne? Nokre kapittel i yrkeslivet mitt har hatt stor tyding for korleis smerteavdelinga blei til.
Myhre hadde den medisinske akuttforståinga i botn, etter å ha jobba som intensivsjukepleiar i nokre år, då ho i 1986 fekk jobb på Åsgård psykiatriske sjukehus i Tromsø.
- Det var ein heilt ny måte å tenke og forstå på ved Åsgård. Eg møtte trivelege kollegaer som var opptekne av ein så open kommunikasjon som mogeleg, ikkje av tvang, og heller ikkje så mykje av medisinar. Myhre vidareutdanna seg i psykiatrisk sjukepleie. Ho blei avdelingsleiar på ei langtidsavdeling. Der skulle pasientane vere m
Gå til medietKomplekse smerter treng ei brei tilnærming til fagfeltet. På smerteavdelinga arbeider psykologar, psykiatriske sjukepleiarar, smertesjukepleiarar, legar, fysioterapeutar og ein sekretær. Sentralt har vore tilrettelegging av ein open dialog, ei haldning og ein arbeidsmåte med vekt på refleksjonen saman med pasienten.