Universitetsavisa
18.11.2016

NTNU, UiO og UiB har to forskarar kvar på lista over dei mest siterte norske forskarane. UiB-arkeologen Christopher Henshilwood er blant dei svært få forskarar frå norske institusjonar som hevdar seg blant verdas mest siterte forskarar.
- Eg synest det er fantastisk for prosjektet. Det er eit bevis på at laget jobbar saman med deg. Me publiserer artiklar som ei gruppe, og det viser kor framifrå kollegaane mine er. Det er slik ein får anerkjenning for arbeidet ein har gjort, seier den verdskjende arkeologen til På Høyden.
Les merAnalysebyrået Thomson Reuters kjem kvart år ut med ei liste kor topp éin prosent av forskarar med gjennomslagskraft på sitt felt er med. Her er mellom anna talet på publiserte artiklar dei siste ti åra, siteringar, og kor artikkelen er publisert med i reknestykket. Det er med på å seia kor mykje forskaren har bidrege til sitt felt på i verda.
NTNU, UiO og UiB har to forskarar kvar på lista, medan UiT har ein forskar med professor II-stilling. I fjor var det ni forskarar som var knytt til norske institusjonar på lista, medan det i år er 12.
- Viktig for universitetet
Forskinga til Henshilwood spring mellom anna ut frå Blombos-grotta sør for Cape Town i Sør-Afrika. Han har tilbr