Veksttorget 2020 er eit samarbeid mellom Norsk Landbruksrådgiving (NLR) og Bondebladet. Kvar veke rapporterer NLR-rådgivarar om ver og vekst landet rundt i Bondebladet og på nlr.no.
Vestlandet: Lite plommerDei fyrste plommene er no plukka, av sortane Edda og Opal. Men i motsetning til i fjor er det svært lite plommer i år, grunna kulde i blomstringa i mai, så det er nok ikkje alle som får smaka dei søte, gode plommene. Morellhaustinga går for fullt, og det er god kvalitet og lite råte. I jordbærfelta er det tid for rydding, sesongen er over, og det er viktig å få rydda og fjerna utløparar og ugras.
I høgfjellet har sau og lam gode beiter. Sjølv om det no er august er det framleis mykje snø i fjellet, og dermed er tilgangen på nytt og saftig beite stor for beitedyra. Dette lovar bra for tilveksten på lamma. Hjå mange er det no god gjenvekst i enga etter andreslåtten. Det er eit høveleg tidspunkt å ta opp kampen mot høymola, når bladrosetten er stor og kraftig.
Marit Henjum Halsnes, NLR Vest
Møre og Romsdal: Venter på oppholdsværEtter en periode med mye regn håper vi på oppholdsvær og litt sol slik at det igjen blir mulig å komme seg utpå jordene. Noen har tatt andreslåtten, men for de fleste blir det andreslått for fullt denne uka. Håpet er at det ikke skal regne en skvett hver dag.
Graset har vokst godt nå de siste ukene. De m