Klimagassutsleppa frå landbruket står for 8 prosent av dei totale klimagassutsleppa i Norge. Dei resterande utsleppa kjem frå transport, industri og oljesektor. Ei flyreise frå Norge til Bangkok står for eitt års bilbruk og 50 kg raudt kjøtt svarar til ein flytur tur - retur New York. Flyreisene tel ikkje med.
Det som er særdeles krevjande for saue- og storfeprodusentar er at metangass, i følgje norske berekningar, står for 59 prosent av klimagassutsleppa i jordbruket. Den andre store kjelda til klimagassutslepp i jordbruket er lystgass. Den kjem frå kunstgjødsel, husdyrgjødsel og dyrking av myr, i hovudsak frå «Cropland» - dyrking av korn og grønsaker. Situasjonen no er at regjeringa har slutta seg til EU sitt klimarammeverk.
Miljøvernminister Vidar Helgesen formidla myleg EU-kommisjonen sitt forslag om at landbruket i Norge skal redusere klimautsleppa med 40 prosent innan 2030. Vi må rekne med at miljøministeren, EU-kommisjonen og norske politikarar tek utgangspunkt i Artikkel 2 i Paris-vedtaket av 2015, der det heiter om reduksjon av utslepp av klimagassar, at det skal gjerast «in a manner that does not threaten food production» - ein skal i


































































































