AddToAny

Byggmeisteren

Byggmeisteren
Sjansen er stor for at du har overnatta på ei av DNT-hyttene Bjørn Vike har reist. No meiner han tida er moden for å vurdere om det er nok bygging i fjellet.
Lat oss starte ein pinsedag i 1981. Vi zoomar inn på Noregs tredje høgste fjell, Store Skagastølstind. Eit ikon av ein fjelltopp, sjølve juvelen i Hurrungane. Her får du auge på to karar som klatrar oppover. Om du synes det ser ut som dei burde ha lese fjellvettregel nummer to, «Tilpass turen etter evne og forhold», har du nok rett.
- Det var eg og ein danske, Flemming heitte han, fortel Bjørn Vike.
- Vi kunne jo ikkje klatre. Eg skjønte undervegs at dette er galskap.
Dei snur og vil prøve igjen neste dag. Nede i Skagadalen står Norsk Tindeklubb si medlemshytte, Skagadalshytta. Den er tom for folk, og låst for alle som ikkje er medlem av det eksklusive klatreselskap.
Nordmannen og dansken bryt seg inn gjennom utedoen.
- Og så plutseleg dukkar det opp ein fyr med kone og hundar, det var tilsynsmannen Odd Eliassen.
Vi snakkar altså om klatrelegende, ekspedisjonsmann og tømrarmeister Odd Eliassen. Han som klatra Trollveggen for første gong, som stod på toppen av Mount Everest i 1985, bygde hytter på Kilimanjaro, for å nemne noko.
- Ifølge kona til Odd hadde han kasta oss rett ut om det ikkje var for at eg var tømrar og han andre var taktekkar. Odd trengte hjelp til Torehytta på Hardangervidda, så heile den greia ende med at vi hadde ein veldig hyggeleg kveld. Vi avtalte at vi skulle vere med å bygge Torehytta sommaren etter, og det gjorde vi. Vi jobba fast kvar einaste sommar i fjellet i mange, mange år.

Slik starta det altså. Eit langt arbeidsliv i ope landskap. Kvar sommar sidan 1982 har Bjørn Vike vore i fjellet og bygd eller restaurert hytter for DNT. Når han ikkje er i fjellet, eller rundt om på andre byggeprosjekt, finn du han som regel heime i Aurland. Kommunen med 1700 innbyggjarar, og over éin million turistar. No vil Flåm AS bygge gondol til fjellet Prest (1478 moh.) for å trekke til seg endå fleire tilreisande. Det synest ikkje Bjørn noko om.
Men meir om det seinare. Nede mellom bratte fjellsider, brusande fossar og sildrande elver, er hunden Tor den første som kjem springande ut på tunet. Bjørn kjem etter og helsar med eit fast handtrykk.
Han kan sjå litt streng ut ved første augekast. Kanskje det er alle timane i fjellet som gjer det, med hardt arbeid, stiv kuling frå vest, snø i juli og solskin i august. Men ansiktet mjukast fort opp av det milde smilet og den rolege stemma.
- Du må passe på at eg ikkje ser så streng ut på bilda, for eg er eigentleg ikkje d
Gå til mediet

Flere saker fra Fjell og Vidde

Mestring og lek står i sentrum når Barnas Turlag Stadlandet arrangerer surfekurs.
Fjell og Vidde 14.06.2024
Fyrstene av Finntjern - Lars Elling ? Bok
Fjell og Vidde 14.06.2024
Innimellom kan jeg få følelsen av å befinne meg ombord på Titanic. Alle har innsett at noe alvorlig er i ferd med å skje. Samtidig fortsetter musikken på full guffe.
Fjell og Vidde 14.06.2024
Sota Sæter DNT ligger i Breheimen og har de siste årene blitt kjent for sin satsing på mat og en FjellPride-feiring det går gjetord om. Ved Liavatnet i Skjåk ligger de 10 bygningene som utgjør den over 100 år gamle setra. Her tryller vertskapet frem de lekreste retter.
Fjell og Vidde 14.06.2024
Min søster bor på en øy i et krokete sund ved havet.
Fjell og Vidde 14.06.2024

Nyhetsbrev

Lag ditt eget nyhetsbrev:

magazines-image

Mer om mediene i Fagpressen

advokatbladet agenda-316 allergi-i-praksis appell arbeidsmanden arkitektnytt arkitektur-n astmaallergi automatisering baker-og-konditor barnehageno batmagasinet bedre-skole bioingenioren bistandsaktuelt blikkenslageren bobilverden bok-og-bibliotek bondebladet buskap byggfakta dagligvarehandelen demens-alderspsykiatri den-norske-tannlegeforenings-tidende diabetes diabetesforum din-horsel energiteknikk fagbladet farmasiliv finansfokus fjell-og-vidde fontene fontene-forskning forskerforum forskningno forskningsetikk forste-steg fotterapeuten fri-tanke frifagbevegelse fysioterapeuten gravplassen handikapnytt helsefagarbeideren hk-nytt hold-pusten HRRnett hus-bolig i-skolen jakt-fiske journalisten juristkontakt khrono kilden-kjonnsforskningno kjokkenskriveren kjottbransjen kommunal-rapport Kontekst lo-aktuelt lo-finans lo-ingenior magasinet-for-fagorganiserte magma medier24 museumsnytt natur-miljo nbs-nytt nettverk nff-magasinet njf-magasinet nnn-arbeideren norsk-landbruk norsk-skogbruk ntl-magasinet optikeren parat parat-stat politiforum posthornet psykisk-helse religionerno ren-mat samferdsel seilmagasinet seniorpolitikkno sikkerhet skog skolelederen sykepleien synkron tannhelsesekreteren Tidsskrift for Norsk psykologforening traktor transit-magasin transportarbeideren uniforum universitetsavisa utdanning vare-veger vvs-aktuelt