Hålandsdalen i Fusa er både vakker og trolsk. Nordaust i dalen, midtvegs langs Gjønavatnet, ligg Gjøn. Her opnar landskapet seg og det er til saman fem bruk i drift her inne.
I bakgrunnen ruver Gjønakvitingen, 1239 meter over havet.
Solveig Lovise Håland (52) og Dag Kenneth Tomre (55) overtok garden etter hans foreldre i 1998. Dei to dreiv med mjølkeproduksjon fram til 2000, men då selde dei kvoten.
Me hadde liten kvote, og gamalt, tungt driftsapparat. Det var ikkje lønsamt å driva slik, derfor selde me kvoten, seier Solveig.
Dag Kenneth er entreprenør ved sida av bruket, og det er Solveig som styrer drifta på garden. Dei har 26 dekar fulldyrka og 78 dekar godt innmarksbeite på Gjøn.
I år slo dei til saman 15 gardsbruk utanom sitt eige, og har god tilgang på grovfôr.
Frå Hereford til blandingsraseI byrjinga hadde dei berre Hereford, men dei fekk for mykje fettrekk og kjøtet vart klassa ned.
- I tillegg hadde me dyra i tre ulike fjøs, så det var tungvint og mykje arbeid, forte


































































































