Solveig Lovise Håland (52) og Dag Kenneth Tomre (55) overtok garden etter hans foreldre i 1998. Dei to dreiv med mjølkeproduksjon fram til 2000, men då selde dei kvoten.
- Me hadde liten kvote, og gamalt, tungt driftsapparat. Det var ikkje lønsamt å driva slik, derfor selde me kvoten, seier Solveig.
Les meir: Vil lokke næringslivet til skiskytardalen
Dag Kenneth er entreprenør ved sida av bruket, og det er Solveig som styrer drifta på garden. Dei har 26 dekar fulldyrka og 78 dekar godt innmarksbeite på Gjøn.
I år slo dei til saman 15 gardsbruk utanom sitt eige, og har god tilgang på grovfôr.
Frå Hereford til blandingsrase
I byrjinga hadde dei berre Hereford, men dei fekk for mykje fettrekk og kjøtet vart klassa ned.
- I tillegg hadde me dyra i tre ulike fjøs, så det var tungvint og mykje arbeid, fortel Solveig.
Solveig og Dag Kenneth to bygde seg gradvis opp med nye dyr før innflytting, og no har dei mest Simmental, men også nokre kryssingsdyr Limousine og


































































































