Fagbladet
12.02.2018
28 timars arbeidsveke i inntil to år og lønstillegg som kan konverterast til åtte dagar fri, var nokre av resultata frå IG Metalls tarifforhandlingar i Baden-Württemberg. «Ein milestolpe» og «nyskapande» seier partane.
Høgare løn og kortare arbeidstid vart resultatet for 900.000 industriarbeidarar i den tyske delstaten Baden-Württemberg. I sjette forhandlingsrunde, og etter ei rekke varslings- og heildagsstreikar, vart partane seint måndag kveld einige i tarifforhandlingane.
Les merDelstaten er det første distriktet der IG Metall, med sine 2,3 millionar medlemmer, forhandlar fram ny tariffavtale. Det er vanleg at dei resterande distrikta tek utgangspunkt i resultata frå delstaten.
Nytt av året er fleire løysingar som gir redusert arbeidstid. Ordningane skal lette belastninga for skiftarbeidarar, i tillegg til å gi auka fleksibilitet til tilsette som til dømes ønsker meir tid til omsorg for barn eller pleie av familiemedlem.
* 4,3 prosent lønsauke frå 1. april.
* Eit fast beløp på 100 euro for månadene januar til mars.
* Eit tillegg på 27,5 prosent av ei månadsløn i 2019. Tilsette som ønsker det, kan konvertere tillegget til åt