AddToAny

Åleine på Besseggen

Åleine på Besseggen
Sjogg betyr snø for dei som måtte vere usikre, seier Knut-Erik Tessnes på triveleg Vågå-dialekt.
Tessnes, eller Tesso, som dei fleste kallar han, er guiden vår for dagen og fortel om ruta vi skal gå. Gruppa på fem ordnar med ski og støvlar.
Men sjoggen er det merkverdig lite av denne laurdagen i slutten av mars. Vinden har herja i Jotunheimen dei siste dagane. Blåst vekk det vesle som var av nysnø og lagt hard skare igjen. Det var full storm på Besseggen i går.
Framleis bles det friskt og yr spår 14-15 m/s på det meste.
- Det er jo slik at ein aldri heilt veit kor langt ein kjem, seier guiden og førebur oss på at det ikkje vil vere noko skam om vi må snu.
Besseggen er populær. Svært populær. I fjor sommar og haust frakta Gjendebåtane over 60 000 passasjerar til Memurubu, flesteparten var med for å gå den 14 km lange turen over eggen og Veslefjellet. No ligg båtane fryst inn ved kaia på Gjendesheim. Høgsesongen er over. For lengst.
I staden for å ta plass i båten spenner vi på oss skia ved Bessheim og går mot Bessvatnet. Vi må svinge oss opp mellom bare flekkar av lyng og stein. Nokre går på fjellski, andre på randonnee.
Alle i gruppa har vore på Besseggen tidlegare (utanom underteikna). Og éin er betre kjend med eggen enn dei fleste.
- Besseggen har vore fast innslag gjennom oppveksten. Eg trur eg har gått den rundt 25 gonger, fortel Geir Harald Lervik.
Han er også den einaste som har prøvd vinterturen tidlegare.
- I fjor gjekk eg med randoutstyr. I år ville eg prøve med fjellski.

EKSKLUSIVT
Hordar av folk frå alle verdas krokar går og kryp og spring over Besseggen sommarstid. Er det i det heile vanleg å ta fatt på den populære eggen medan Kong Vinter regjerer? - Lokale folk har gått over Besseggen på fjellski i fleire tiår, fortel Ørjan Venås, dagleg leiar i Gjendeguiden.
For to år sidan starta Gjendeguiden opp tilbodet om guida tur, blant anna i samarbeid med DNT-hytta Gjendesheim.
- Vi starta med dette tilbodet fordi vi ønskte å utnytte potensialet som ligg i Besseggen vinterstid, og ikkje minst ta fo
Gå til mediet

Flere saker fra Fjell og Vidde

Mestring og lek står i sentrum når Barnas Turlag Stadlandet arrangerer surfekurs.
Fjell og Vidde 14.06.2024
Fyrstene av Finntjern - Lars Elling ? Bok
Fjell og Vidde 14.06.2024
Innimellom kan jeg få følelsen av å befinne meg ombord på Titanic. Alle har innsett at noe alvorlig er i ferd med å skje. Samtidig fortsetter musikken på full guffe.
Fjell og Vidde 14.06.2024
Sota Sæter DNT ligger i Breheimen og har de siste årene blitt kjent for sin satsing på mat og en FjellPride-feiring det går gjetord om. Ved Liavatnet i Skjåk ligger de 10 bygningene som utgjør den over 100 år gamle setra. Her tryller vertskapet frem de lekreste retter.
Fjell og Vidde 14.06.2024
Min søster bor på en øy i et krokete sund ved havet.
Fjell og Vidde 14.06.2024

Nyhetsbrev

Lag ditt eget nyhetsbrev:

magazines-image

Mer om mediene i Fagpressen

advokatbladet agenda-316 allergi-i-praksis appell arbeidsmanden arkitektnytt arkitektur-n astmaallergi automatisering baker-og-konditor barnehageno batmagasinet bedre-skole bioingenioren bistandsaktuelt blikkenslageren bobilverden bok-og-bibliotek bondebladet buskap byggfakta dagligvarehandelen demens-alderspsykiatri den-norske-tannlegeforenings-tidende diabetes diabetesforum din-horsel energiteknikk fagbladet farmasiliv finansfokus fjell-og-vidde fontene fontene-forskning forskerforum forskningno forskningsetikk forste-steg fotterapeuten fri-tanke frifagbevegelse fysioterapeuten gravplassen handikapnytt helsefagarbeideren hk-nytt hold-pusten HRRnett hus-bolig i-skolen jakt-fiske journalisten juristkontakt khrono kilden-kjonnsforskningno kjokkenskriveren kjottbransjen kommunal-rapport Kontekst lo-aktuelt lo-finans lo-ingenior magasinet-for-fagorganiserte magma medier24 museumsnytt natur-miljo nbs-nytt nettverk nff-magasinet njf-magasinet nnn-arbeideren norsk-landbruk norsk-skogbruk ntl-magasinet optikeren parat parat-stat politiforum posthornet psykisk-helse religionerno ren-mat samferdsel seilmagasinet seniorpolitikkno sikkerhet skog skolelederen sykepleien synkron tannhelsesekreteren Tidsskrift for Norsk psykologforening traktor transit-magasin transportarbeideren uniforum universitetsavisa utdanning vare-veger vvs-aktuelt