Standard skrift Stor skrift
Ein fredag måtte eg på toalettet. Når eg skulle attende til rullestolen, viste det seg at eg hadde gløymt å setje på den eine bremsen.
Då eg lente meg på stolen vart eg sitjande halvegs oppi. Eg kjende at viss eg pressa meg meir på stolen no, ville den gli sakte frå meg. Slik sat eg med halve meg oppi rullestolen.
Den brukarstyrte assistenten hadde fri, det einaste kommunen kunne tilby var heimesjukepleie. Eg hadde prøvd å få tak i vikar lenge, lagt annonse ut på Facebook, ingen napp.
Eg snappa opp telefonen som låg plassert på badegolvet, eg ringde heimehjelpsbasen etter hjelp, det ringde og ringde. Ingen svar
Kva gjer eg no? Eg ringde ei venninne i pleien. Ho hastar seg ned til meg, og må avbryte oppgåvene sine. Det er ikkje rett, men det hende likevel.
Ein fin vårdag i mai. Du lurar på korleis eg følte meg? Tårene var der. Eg følte meg ikkje verdt ein dritt.