Ren Mat
02.12.2016
Kvardagen. Naboen, varmvatnet i dusjen, tuntreet, vegen til butikken, dagens tredje kaffikopp med kanelbolle til. Alt det som somme tider er vanskeleg å sjå, og difor òg setje pris på. Slik er vi no ein gong skapte, på leiting etter spenning, det gode er ein annan stad.
DET KAN VERE ei forklaring til kvifor vi lenge har hatt vanskeleg for å vere stolte over, skryte av og selje vår eigen matkultur. No er vi på veg; det måtte eit nytt, nordisk kjøken til, nokre restaurantar og kokkar i tv-ruta. Produsentar har følgt etter, lukkast du med osten din kan du - og han - etterkvart verte både lokal og nasjonal kjendis.
Vi er på glid. Men vi er ikkje i mål. Mellom anna har vi ganske langt att før vi innser kva gullgruve vi har trippande langs kysten vår. Som det står andre stadar i bladet: Trass i at villsau ikkje lenger er ein truga rase, at fleire og fleire bønder finn at den ekstensive, men ressursnyttige driftsforma høver godt for dei, trass i at fleire og fleire kokkar og kokebokforfattar snakkar varmt og vent om kjøtet, finn du ikkje villsaukjøt i norske daglegvarebutikkar.
Har villsauen mindr
Gå til medietVi er på glid. Men vi er ikkje i mål. Mellom anna har vi ganske langt att før vi innser kva gullgruve vi har trippande langs kysten vår. Som det står andre stadar i bladet: Trass i at villsau ikkje lenger er ein truga rase, at fleire og fleire bønder finn at den ekstensive, men ressursnyttige driftsforma høver godt for dei, trass i at fleire og fleire kokkar og kokebokforfattar snakkar varmt og vent om kjøtet, finn du ikkje villsaukjøt i norske daglegvarebutikkar.
Har villsauen mindr