I seg sjølv er OK-gesten harmlaus, men ADL har funne grunn til å liste henne som hatsymbol. Fingrane dannar ikkje lenger berre bokstavane O og K, men W og P for «White Power», kvit makt. Eller det står for noko så enkelt som «It's OK to be white», det er lov å vere kvit, eit slagord som speler på ytre høgre-forteljinga om at kvite er utsette og forfølgde.
Fleire personar på ytre høgre fløy har nytta det som eit diskré hint til sitt publikum, medan andre har gjort det for å kødde. Og kven kan seie kva som er kva? Korleis skal vi tolke det når Brenton Tarrant vert stilt for retten for masseskytinga i Christchurch og syner OK-gesten - det er ei form for trolling, ja, men kva ligg bak?
ADL går i fella
Det byrja i februar 2017, då ein brukar på nettstaden 4chan foreslo at dei skulle bombardere twitter med påstanden om at det var ein rasistisk gest, med hashtags som #NotOkay og #PowerHandPrivilege. Dette skulle vere «Operation O-KKK». Brukaren fekk med seg fleire. Ikkje minst fordi dei ville sjå om dei kunne hjelpe venstresida til å. Ei openberr felle, men kanskje litt for freistande for mange som ønskjer å posisjonere seg som antirasistar.
God gamaldags trolling inneber gjerne at ein prøver å få offeret til å reagere med å seie eller gjere noko dumt, å få offeret til å syna seg som eit latterl