Eitt av dei viktigaste pedagogiske spørsmåla i utdanning av profesjonsutøvarar er korleis vi som underviser, kan førebu studentane på den komplekse røyndomen dei skal ut i.
Innanfor barnevern-, sosionom- og vernepleiarutdanningane går det føre seg ein diskusjon om korleis ein skal sikre god fagleg samanheng mellom undervising og praksis. Heggen og Terum syner i ein artikkel frå 2013 at studentane i liten grad opplever undervisinga som relevant for den praksisen dei skal ut i. I Fontene Forskning drøftar ulike artiklar behov og ynskje i praksisfeltet, endra krav til kompetanse hjå profesjonsutøvarar og integrasjon mellom teori og praksis. Bergheim og Ylvisaker (2016) peikar på kor viktig profesjonskunnskap hjå lærarar i sosialt arbeid er i undervisinga, og argumenterer for at undervisarar med mykje profesjonserfaring i større grad må fremje og leggje til rette for integrering av teori og praksis.
I denne artikkelen utforskar vi vidare korleis praksisrøynsler kan brukast i undervisinga, både til å utforske og utfordre forholdet mellom den generaliserte kunnskapen som studentane møter i pensum, og det særeigne som vi møter når vi står overfor enkeltsaker. Vi introduserer omgrepet praksisinformert undervising, og argumenterer for at konkrete referansar til praksis er eit nødvendig supplement til den undervisinga som held seg til pensum.
Vi brukar omgrepet praksisinformert og ikkje praksisbasert, fordi vi oppfattar praksiserfaringane som eksterne referansepunkt som vi diskuterer teori og empiri opp mot, og ikkje som sjølve kunnskapsbasen for undervisinga. Praksisinformert undervising er informert av erfaringar frå den praktiske utøvinga av faget. Den erfaringsbaserte kunnskapen kan kome frå erfaringar studentar har gjort i praksis, frå lærarar sitt møte med praksis og frå forsking i praksis. Denne artikkelen argumenterer for fordelane ved at undervisinga blir informert av lærarane sine eigne fortløpande praksiserfaringar.
Forfattarane har utdanning som klinisk psykolog og som klinisk sosionom. Begge har nær 40 års praksis frå arbeid med klientar og rettleiing innanfor ulike deler av helse- og sosialfeltet, og har i mange år arbeidd parallelt som praktikarar og lærarar. Slik brukar vi røynsler frå eigen praksis i undervisinga. Å vere i praksis parallelt med undervising gjev tilgang til stadig nye historier om levd liv og menneskeleg erfaring, historier som kan hjelpe oss til å forme ei forståing av det komplekse, og korleis vi som yrkesutøvarar blir påverka og endra av røyndomen vi møter i arbeidet. Terum og Smeby (2014) hevdar at praksiserfaringar har ein tendens til å gå ut på dato. At desse erfaringane er ferskvare, knytt til saker vi står midt oppe i, gjer at vi kan formidle dei med større vitalitet, engasjement og undring. Det er ikkje repetering av historier vi har fortald mange gongar før, men erfaringar som for oss er levande og aktuelle. Derfor kan vi også genuint drøfte vurderingar og val vi står i med studentane, eller vi kan bruke dei som case i oppgåver. At vi opererer med ferskvare gir engasjement til undervisinga vår og aukar vårt truverd som lærarar. Sjølvsagt skapar det også fagetiske utfordringar knytt mellom anna til anonymisering av personopplysningar. Dette spørsmålet må vi av plassomsyn la ligge her.
Ved å vise til konkrete og aktuelle praksiserfaringar kan vi òg syna studentane korleis kunnskapen vert brukt, omsett, konkretisert og kontekstualisert (sett inn i ein samanheng). Vi kan utforske det særeigne, fargeleggje og problematisere. Meir nyanserte historier og dilemma fører til meir engasjement og refleksjon, og gjer det lettare for studentane å kjenne seg att i situasjonane. Dette opplever vi gir gode diskusjonar om overordna faglege spørsmål som rolleforståing, profesjonalitet og fagetikk. Tilbakemeldingar frå studentane peiker på det praksisnære og praksisrelevante som ei styrke ved undervisinga.
Argumentasjonen i artikkelen vil ha relevans for fleire av velferdsstaten sine profesjonar, men døma er henta frå sosialarbeidarut