Ei anna utfordring er at stråling også kan skade normalt vev, og i hjernen er dette ekstra utfordrande sidan ein risikerer å skade viktige funksjonar som for eksempel språk og rørsle. Derfor er det berre ein viss dose stråling som kan bli gitt.
Antioksidantar hjelper hjernekreftceller å stå imot stråling
Mykje av skaden som blir påført kreftceller når dei vert strålt skjer via såkalla frie oksygenradikalar, desse skadar kreftcellenes DNA. Effekten av strålebehandlinga er avhengig av fleire faktorar, for eksempel nivået av antioksidantar i cellene. Slike frie oksygenradikalar kan nemleg nøytraliserast ved hjelp av antioksidantar.
I normale celler er antioksidantar med på å beskytte mot stress, og hindrar blant anna at det skjer skadar i DNAet. I kreftcellene blir antioksidantane utnytta til å sikre overleving av unormale celler, og høgare nivå av antioksidantar i desse cellene er derfor med på å gjere dei motst