Tetiana Shkil ser utover eit karakteristisk vestnorsk landskap. Ein fjord. Fjell. Spirande lauvskog. Kontrasten kunne knapt ha vore større til millionbyen Dnipro, aust i Ukraina, der ho voks opp, utdanna seg på universitetet og jobba som psykolog, heilt fram til tidleg på morgonen, fredag 24. februar 2022.
- Vi vakna av lyden av eksplosjonar i femtida, fortel Tetiana.
På stovebordet står Spiderman i plast og vaktar over påskepynt frå barnehagen og ei lærebok i tanatologi, «... the study of death, dying and bereavment». Død. Og det å miste.
Terapi på ukrainsk
I løpet av det siste året har Tetiana vore student. Frå huset ho har fått bu i saman med mora og sonen, ved fjorden i vesle Samnanger i Vestland fylke, har ho følgt VID vitskapelege høgskules spesialsydde sorgstøtteutdanning digitalt. Høgskulen har i fleire år hatt tilbod om denne vidareutdanninga, retta mot terapeutar og andre i profesjonelle omsorgsroller.
Kort tid etter den russiske invasjonen fekk studiet ein variant tilpassa ukrainske terapeutar som var komne til Noreg som flyktningar.
Saman med 25 andre ukrainarar, som alle er utdanna psykologar eller psykoterapeutar, skal Tetiana snart ta eksamen, før ho kan ta lærdomen i bruk i praksis. Det betyr mange timar, hovudsakleg på skjerm, med samtalar og psykologisk førstehjelp til andre ukrainarar, i Ukraina og i land over heile verda dit ukrainarar har flykta.
Sortar sorg
Hjernen bak er Knut Andersen, ein sosionom som i 20 år arbeidde med sorgstøtte på sjukehus, og som i fleire år har undervist på den ordinære sorgstøtteutdanninga ved VID.
- Sorga er ikkje einsarta. Det å miste noko i krig, det at nokon blir drepen, er ei anna form for tapserfaring enn andre dødsfall, seier han.
Dét var den eine bakgrunnen for ideen om å opprette eit særskilt tilbod for ukrainske flyktningar i Nor