ansvarlig redaktør, På Høyden
Han sit på eit opprørt hav. Ikkje av vatn, og denne gongen heller ikkje av is. Men av rot.
Ola M. Johannessen (78) ryddar på kontoret sitt, bøker, artiklar og eit og anna måleinstrument er spreidd utover heile rommet. Nedst i ein bunke ligg ei original Nansenflaske, eit prøvetakingsinstrument for store vassdjup, som både måler temperatur, trykk og hentar vassprøver frå bestemte djupner.
Lite ressursar i Noreg
Johannessen har nokre år å rydde opp i. Han blei cand. real. i Bergen i 1965, og sia har han berre forska, både i Brasil, Canada, Italia og Noreg. Og med få unntak har det vore polare strøk som har vore forskingsobjektet til den fysiske oseanografen.
I 1975 kom Johannessen til ei stilling som førsteamanuensis i Bergen, etter å ha jobba for Nato i Italia. Overgangen var brå.
- Eg byrja på Geofysen. Der blei du heilt nullstilt, du fekk løn, men det var stort sett det du fekk. Eg lurte på kva faen eg hadde gjort no, fortel Johannessen.
Ei ung utgåve av Arktis' konge, isbjørnen. Ola M. Johannessen til høgre. (Foto: Ingvild Festervoll Melien)
Skepsis mot fjernmåling
Åra i utlandet hadde gitt han god tilgang til forskingsressursar for å innhente data. Slik var det ikkje på norske universitet på 1970-talet. Dei klassiske oseanografane var skeptiske til å bruke fjernmåling, men Ola M. Johannessen hadde allereie data frå satellittar allereie då han jobba i Canada på 60-talet. I l