Bedre Skole
18.03.2022
Shilan Ahmadian, Ingeborg Aspfors-Sveen og Camilla Bruu Næsmo Fortellinger om flukt Illustrasjonar av Stian Hole Universitetsforlaget 96 sider
BOKOMTALER Korleis kan elevar som er oppvaksne med eit politisk trygt og stabilt tilvære i Noreg, få eit innblikk i kva det vil seia å flykta? Dokumentarar og reportasjar kan sjølvsagt bidra til å gi innsikt i situasjonar der folk har fått livsgrunnlaget sitt øydelagt, men boka Fortellinger om flukt inviterer på ein særskilt måte elevar til å relatera til ungdom i fluktsituasjonar. Forfattarane Shilan Ahmadian, Ingeborg Aspfors-Sveen og Camilla Bruu Næsmo har som lektorar i vidaregåande skole fått del i sterke historier om flukt gjennom skoleelevar. I introduksjonen fortel forfattarane at prosjektet som resulterte i denne boka, starta med «et ønske om å bruke fortellinger i undervisningen for å gi mennesker bak statistikk og nyhetsoverskrifter et ansikt».
Kontekst og opplevingar
Fortellinger om flukt er samansett av ti forteljingar der unge jenter og gutar deler personlege opplevingar i samtale med ein av forfattarane. Alle forteljingane er autentiske, men forf
Gå til medietKontekst og opplevingar
Fortellinger om flukt er samansett av ti forteljingar der unge jenter og gutar deler personlege opplevingar i samtale med ein av forfattarane. Alle forteljingane er autentiske, men forf