Khrono
03.05.2023
Likevel ein dødsdom, meiner professor Keld Hyldig. Det ligg an til ein ny runde strid om faget teatervitskap neste veke, etter at forslag til justert bemanningsplan ved det Det humanistiske fakultet ved Universitetet i Bergen (UiB) er lagt fram.
I innstillinga frå leiinga blir det no lagt opp til at teatervitskap får behalde ei av stillingane som var planlagt kutta. I dei opphavlege planane skulle to av tre stillingar ikkje vidareførast ved faget.
Les merDette vil ikkje endre situasjonen for teatervitskap i vesentleg grad, ifølgje professor ved teatervitskap, Keld Hyldig.
- Dersom vi mistar ei stilling, vil det framleis vere kritisk for faget. Det er eit steg i retning nedlegging, seier han til Khrono.
Kutta er ledd i omstilling og nedskjeringar på fakultetet som følgje av reduserte inntekter, og ifølgje fakultetsleiinga «nødvendige for å bevare den faglige bredden ()» i ein krevjande økonomisk situasjon.
Dekan Camilla Brautaset har ikkje hatt høve til kommentere saka onsdag kve